I desse dagar er dei i ferd med å legge siste handa på arbeidet med den nye fabrikkdelen som vil gi 1200 rutemeter med nytt fabrikkareal, i tillegg til dei 9000 rutemetrane dei har no.
Ikkje fleire tilsette
Nordfjordverksemda går så det susar. I fjor hadde vindaugsprodusenten eit overskot på sju millionar kroner. I dag arbeider vel 130 menneske ved verksemda, men utvidinga kjem ikkje til å bety fleire tilsette, seier dagleg leiar Roald Starheim.