Hopp til innhold

NorgesGruppen fjernar Tine-produkt

Leiinga ved Tine Meieri Vest på Byrkjelo sit på gjerdet etter at NorgesGruppen har vedteke å fjerne store delar av utvalet på merkevarer frå Tine.

Produksjon av Norvegia-ost.

Illustrasjon

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Vi produserer nokre av variantane hjå oss, men det er alt for tidleg å seie kva konsekvensar dette får for oss, seier driftssjef Torkhild Heieren ved Tine Meieriet Vest på Byrkjelo.

Fjernar "folkets favoritt"

NorgesGruppen har fjerna produkt som Jarlsberg, "folkets favoritt" Norvegia, Gudbrandsdalsost, H-mjølk og Biola. Vedtaket råkar forbrukarar i kjedane Meny, Centra, Ultra, Kiwi, Bunnpris, Joker og Spar. Årsaka er at Tine ikkje har bøgd av i høve krav som gruppa har sett fram.

- Usemja handlar ikkje om pris, dette har ikkje vore ein del av forhandlingane. Problemet har vore og er at NorgesGruppen krev heilt spesielle vilkår, vilkår som ville skape ein situasjon der vårt sal til NorgesGruppen går med tap, seier Elisabeth Morthen, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i TINE.

Byrkjelo direkte råka

Heieren fortel at meieriet på Byrkjelo produserer einkilospakkane av Norvegia og Gudbrandsdalsost (G35), samt einliter heilmjølk som NorgesGruppen har fjerna. Meieriet på Byrkjelo blir dermed direkte råka. Han seier at NorgesGruppen likevel vil ta inn halvkilosostar.

- Sidan dette er ei relativt stor kjede, og utgjer ein stor del av kundemassen, så har vi allereie vridd produksjonen noko vekk frå desse variantane, seier Heieren.

Ser i slutten av veka

Han trur at meieriet i slutten av veka vil sjå eventuelle konsekvensar av vedtaket i NorgesGruppen. Han vonar at dei som ikkje lenger får tilgang til einkilos ostane, i staden handlar ostar i halvkilo.

- Utvalet finnast i andre butikkar også, men dersom vi ikkje får kompensert tapet i auka sal av andre produkt, så vil vi i slutten av veka sjå korleis marknaden utviklar seg, seier driftssjefen.

- Køyrer som normalt

Meieriet produserer om lag 8 000 tonn Norvegia i året, medan dei produserer om lag 3 000 tonn med Gudbrandsdalsost. I alt 120 personar er tilsette i produksjonen ved meieriet.

- Førebels køyrer vi om lag som normalt, seier Heieren.