Hopp til innhold

Norges mest utgreidde fjellparti?

Traséen for Stad skipstunnel er norges mest og best utgreidde fjellparti, meiner ein av forkjemparane.

Video nsps_upload_2009_2_4_15_21_50_1015.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sidan midt på 80-talet har det vore gjort utallege utgreiingar om Stad skipstunnel. Det er brukt fleirfaldige millionar både frå Kystverket og private interessegrupper, og fleire årsverk har vore i sving.

Men enno er det ikkje bestemt om det blir nokon tunnel der Stadhalvøya er smalast, mellom Moldefjorden og Kjødepollen.

Sju millionar

Kystverket har brukt sju millionar på utgreiingar om Stad skipstunnel sidan 2000.

- Det er utruleg at det er brukt så enorme ressurar når det gjeld 1700 meter med kjent god granitt. Det er vel norges mest og best utgreidde fjellparti i historia vil eg tru, seier Jan Helgøy, ordførar i Vanylven.

Den siste store utgreiinga til Kystverket vart gjort i 2007, og sluttraporrten konkluderte med at tunnelen vil gje positiv samfunnsøkonomisk nytte.

Rapporten blir no kvalitetssikra for Fiskeri- og Kystdepartementet, men analyseselskapet er fleire månader forseinka , og bygginga av skipstunnelen er framleis i det blå.

Denne utgreiinga skulle gje regjeringa grunnlag for å ta ei avgjerd om realisering av Stad skipstunnel.

Uttallege rapportar

I over 20 år har Stad skipstunnel blitt utgreia. Det mest omfattande var forprosjektet som Kystverket utarbeidde i 2000 og 2001.

Etterpå har Fiskeri- og Kystdepartementet tinga tilleggsanalyser av trafikk, betalingskraft og nyttekostanad.

I følgje Kystverket omfattar tidlegare utgreiingar om Stad skipstunnel blant anna:

  • 1989: Reguleringsplan (innløp Moldefjorden)
  • 1990: Analyse av samfunnsmessige konsekvenser (Asplan Viak AS)
  • 1991: Nyttekostnadsanalyse (Møreforskning)
  • 1993: Trafikkanalyse (TØI)
  • 1994: Sikkerhetsanalyse (Sintef/DNV)
  • 1994: Nyttekostnadsanalyse (TØI)
  • 1994: Oppdatert kostnadskalkyle (Instanes)
  • 1996: Utrede ulike tunneldimensjoner (Sintef)
  • 2000-2001: Forprosjektering
  • 2001: Konsekvensanalyse
  • 2003: Styringsdokument for farleiprosjekt Stad skipstunnel
  • 2003: Ekstern kvalitetssikring (Terramar)
  • 2005-2006: Tilleggsanalyser
  • 2005: Reguleringsplan Stad skipstunnel

Fleire millionar frå forkjemparne

Både fiskarar, reiarlag og andre sjøfarande har vore pådrivarar for å få bygd ein skipstunnel gjennom Stadhalvøya . I tillegg er både innbyggjarar og næringslivet opptekne av å få ein tryggare veg forbi eit verhardt område.

Selskapet Stad skipstunnel jobba aktivt frå 1984 fram til 1990 og hadde ein aksjekapital på 2,5 millionar kroner som vart nytta til å prosjektere tunnelen og å utarbeide eit anbod.

Jan Helgøy var styreleiar i selskapet og jobbar framleis aktivt for å få realisert Stad skipstunnel.

- No er det på høg tid at ein haustar fruktene av den store innsatsen som er gjort når det gjeld utgreiingar og prosjekt på alle område, seier han.

- Har saka blitt greia ut for mykje?

- Eg vil seie at ho byrjar å nærme seg det ein kallar overutgreidd, seier Helgøy, og etterlyser sterkare politisk press for å få raskare saksgang.

Håpar på Nasjonal Transportplan

Forkjemparane set no si lit til at Stad skipstunnel blir forankra i Nasjonal Transportplan som truleg kjem i slutten av februar.

- Vi har eit sterkt håp om at det blir lagt inn sterke forpliktande formuleringar, seier Helgøy.

- Det vil vere eit solid grunnlag å byggje tunnelen på, og det vil vere forpliktande uansett kva regjering vi får etter 14. september, seier Helgøy.