Norges første fotballopera tek form

Kva får du når du miksar ein satirikar og ein jazzmusikar, ein fotballkamp frå 1998 og ei operascene? Jau, då får du fotballopera...

For VM-sigeren over Brasil i 1998 var så sterk for Norge at den fortener sin eigen opera.

Kalvø operadebuterer

Verdi og Puccini får nemleg kvile i Opera Nordfjord si siste storsatsing: «Norge Brasil, ein opera». Førestillinga er ført i pennen av Are Kalvø og har musikk av Helge Førde. No er øvingane i gang, to veker før premieren på Opera Nordfjord.

– Vi fekk beskjed før sommarferien at vi skulle øve opp hoftevrikken og få inn sambarytmene, seier Nils Helge Løkling.

Han og dei andre amatørane i Nordfjord operakor var godt budde då dei i helga var samla til første øving med profesjonelle solistar.

Og det er eit realt stykke norsk idrettshistorie som no blir opera.

Artikkelen held fram.

Video Sjå video frå øvinga til fotballoperaen

Sjå video frå operaøvinga på Nordfjordeid.

Tidenes norske landskamp

St. Hansaftan 1998: To minutt før full tid peikar dommaren på straffemerket. Kjetil Rekdal går fram og skyt Norge til sin første VM-kvartfinale og ikkje minst siger over Brasil.

Ein historisk hending som fortener sin eigen opera, meiner Are Kalvø som har skrive liberettoen.

Are Kalvø

TEKSTEN: Han er mest kjend som satirikar, no freistar Are Kalvø å spreie humor i operasalen.

Foto: Heiko Junge / SCANPIX

– Folk klemte kvarandre, folk kyssa kvarandre, folk inviterte kvarandre heim. Slike store kampar gjer noko med folk, som eg likar veldig godt. Derfor fortener denne kampen ein opera, seier Kalvø.

På og utanfor bana

Operaen tek føre seg dramaet ute på bana, men også dei ekstatiske scenene som utspant seg blant eit heilt folk under og etter kampen.

På den første fellesøvinga med koret var det scenene utanfor fotballbana som stod i fokus. Trond Gudevold som har rolla som Kjetil Rekdal, og dei andre «fotballspelararane», øver førebels på operahuset i Oslo.

«Yess! Kjempeidé!»

Helge Førde, som har skrive musikken, vedgår at han har vore nærvøs.

– Eg har hatt litt angst. Men så langt ser det bra ut, seier komponisten som for mange er mest kjend som jazzmusikar i Brazz Brothers.

Han hugsar godt kampen på Stad de Velodrome i Marseille 23. juni 1998.

– Eg sat aleine og såg kampen. Det er som Are seier, det er noko av det største som har skjedd i Norge dei seinare åra. Når han kom med denne kampen, så tenkte eg: Yess! Kjempeidé, seier Førde.

Artikkelen held fram.

Landslaget med bl.a. Tore André Flo (f.v.) og Jostein Flo feirer seieren over Brasil i VM, 1998

MAGISK: Drillos anno 1998. Elleville jubelscener i Marseille etter VM-sigeren over Brasil.

Foto: OMAR TORRES, Scanpix / EPA

– Fotball og opera er nokså sært

Ein av solistane som deltok under helgas øvingar på Nordfjordeid var Carsten Stabell. I løpet av eit langt kunstnarliv har han opplevd mykje på operascenene.

– Fotball og opera er nokså sært, kombinasjonsmessig, vedgår veteranen.

– Men for det første er det veldig spennande å få vere med på ei urframføring, og så er eg ein stor fan av både Brazz Brothers og Are Kalvø, og det er jo ein artig kombinasjon i dette tilfellet, seier Stabell som spelar ein slesk brasilianar.

Rekdal: – Litt spesielt med opera

Mannen som ein varm sommarkveld sende heile det norske fotballfolket til himmels, Kjetil Rekdal, har sjølv ikkje vore konsultert i skriveprosessen. Men at hans mest kjende straffespark no blir tonesett i ein opera, tykkjer han er stas.

Kjetil Rekdal

HOVUDPERSONEN: Matchvinnaren frå Brasil-kampen i 1998, Kjetil Rekdal, synest det er stas at hans mest kjende straffespark no blir opera.

Foto: Torgersrud, Marius / Scanpix

– Det er jo litt spesielt, men morosamt òg. Det er ei idrettshendig som blir hugsa. Det er ikkje kvar dag Norge slår Brasil og det er ikkje kvar dag landslaget gjer ein slik prestasjon på jonsokaftan, seier straffeeksekutøren som no styrer Aalesund frå sidelinja.

Rekdal legg ikkje skjul på at opera ikkje heilt er hans greie.

– Det er mulig eg har vore ein eller to gonger på opera i London. Elles så følgjer eg ikkje så mykje med på akkurat dette temaet.

Nye operagjengarar er nettopp det operasjon Kari Standal Pavelich ønskjer seg.

– Eg trur definitivt at vi i år får ein del yngre publikummarar, og kanskje fleire menn. Kanskje det er mennene som i år tek med kona si på opera, i staden for omvendt.

Etter det Pavelich kjenner til har det vore laga éin fotballopera i tyskland, og i Norge har ein hatt fotballballett.

– Men så vidt eg kjenner til har ingen andre prøvd seg på fotballopera, seier operasjefen.

Fotballpresidenten kjem

Fotballpresident Yngve Hallén kjem på premieren, men om Kjetil Rekdal gjer det samme, er enno uvisst.

– Eg har fått førespurnaden, men må sjå om det er mulig å få det til å gå opp med kvardagen min elles, seier Aalesund-trenaren.

Og skulle Rekdal komme ta turen, lovar regissør Svein Sturla Hungnes både fotball, humor og ein god dose opera når stykket har premiere på Nordfjordeid 5. oktober.

– Kanskje meir opera enn ein skulle tru...