NRK Meny
Normal

Norge på langs i rullestol

Per Christian Brunsvik frå Måløy og Steinar Andreassen Jensen frå Skogn skal rulle Norge på langs i rullestol.

Per Christian Brunsvik og Steinar Andreassen Jensen

TEK LANDEVEGEN: Per Christian Brunsvik (t.h.) og Steinar Andreassen Jensen.

Foto: Norges idrettsforbund

24. april legg dei to ut på landevegen på Lindesnes med Nordkapp som mål. Samstundes går startskotet for ein landsomfattande aksjon for å få funksjonshemma i aktivitet.

– Det slo meg som spennande

Dei to karane skal ved hjelp av rullestolar handsykle 2500 kilometer, og har som mål å avlutte turen på Nordkapp 30. juni.

– Eg fekk førespurnaden frå idrettsforbundet, og det slo meg umiddelbart som spennande, utfordrande og kanskje noko som til no er ugjort, seier Per Christian Brunsvik til NRK.

39-åringen vedgår at han ikkje har begrep om kor tøff utfordring han har takka ja til.

– Eg har ikkje begrep om kilometerane, men vi prøver å førebu oss for å førebyggje skader.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Norge på langs i rullestol - støtteapparatet

STØTTEAPPARATET: Bak f.v. Tore Aasen Øderud (Norges idrettsforbund), Stig Andreassen (sjåfør og alt-mogleg-mann), sambuarparet Rita Andersen og Arne Fagerlie (som syklar frivillig saman med Steinar og Per Christian, desse to gjekk Norge på langs i 2010), Per-Einar Johannessen (fagkonsulent og prosjektleiar for Rekruttering Norge på langs i Norges idrettsforbund.

Foto: Norges idrettsforbund

Treninga blir avgjerande

Dei to rullestolbrukarane skal ha med seg eit støtteteam frå Olympiatoppen.

– Treningsopplegget er heilt avgjerande. Ein kan ikkje samanlikne dette med å gå eller sykle. Folk er ikkje skapt for dette, fastlår Brunsvik som inntil nyleg jobba ved Sunnaas sjukehus.

Han går ein vinter med mykje trening i møte.

– Men i botnen ligg det eit sterkt personleg ønske om å prøve meg på dette. I tillegg er det alt dette som ligg bak - formålet med turen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Steinar Andreassen Jensen og Per Christian Brunsvik

FØREBUR SEG: Per Christian Brunsvik blir følgt opp av Olympiatoppen Vest-Norge mens Steinar A. Jensen får støtte av Olympiatoppen Midt-Norge for å vere best mogleg fysisk rusta til turen.

Foto: Norges idrettsforbund

Skal rekruttere 500 funksjonshemma

Målet er å få 500 funksjonshemma i aktivitet i løpet av neste år gjennom programmet «Rekruttering Norge på langs».

Etter kvart som Brunsvik og Andreassen Jensen tek seg nordover i rullestol, skal det arrangerast 10-16 ulike rekrutteringsarrangement. Det blir ei massemobilisering av idrettslag, idrettskretser, idrettsråd, kommuner, fylkeskommuner og andre aktørar.

Målet er å auke søkjelyset på kva moglegheiter idrettens har for funksjonshemma, inspirere og motivere til auka deltaking lokalt og auke mangfaldet av tilbod i dei ulike idrettane.

Ikkje ein kilometer i bil

– Men uansett om vi blir frakta bort frå sjølve turløypa med bil til eit arrangement, skal vi fraktast tilbake til nøyaktig same stad. Vi skal ha med oss kvar einaste kilometer frå Lindesnes til Nordkapp. Det skal vere reelt, lovar Brunsvik.

Når han og makker Steinar Andreassen Jensen altså rullar i mål på Nordkapp i slutten av juni neste år, er dei truleg dei første som har tilbakelagt Norge på langs i rullestol.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote