Norge bryt FN sin barnekonvensjon

Det seier Unicef. I Florø er ni år gamle Simon Thaye eitt av mange born som ikkje veit om dei får vera i Norge.

Simon (9) og Fkadu i Florø kyrkje
Foto: Simon Solheim / NRK

Ni år gamle Simon er eitt av fleire asylborn i Norge som ikkje veit om dei får vere her i landet. Etter å ha fått avslag og blitt utviste måtte han og faren bu på gata i Italia.

No slår Unicef alarm på vegne av slike born.

Generalsekretær Kjersti Fløgstad er uroa for at borna ikkje vert høyrde og at dei ikkje får tilgang til tenester som dei har rett til å få. Ho at meiner mange mindreårige asylsøkjarar vert handsama av Noreg på ein måte at det er i strid med FN sin barnekonvensjon .

Kjersti Fløgstad, generalsekretær i UNICEF Norge

UROA: Kjersti Fløgstad i UNICEF slår alarm.

Born sine rettar brote

– Det er openbart at i asylsaker er ikkje alle born sine rettar fulgte. Det er og ein av dei tinga som forum for bornekonvensjonen har påpeika, seier Fløgstad.

Fløgstad seier born har rett til å bli høyrde, også uten at foreldra er til stades, at dei blir tatt vare på og at dei får tilgang til alle tenester. Men norske styresmakter bryt framleis desse krava.

I Florø sit Simon saman med faren Fkadu Thaye. Dei fekk avslag på asylsøknaden sin, og vart sendt tilbake til Italia, som var det fyrste landet der dei søkte asyl, men tok seg tilbake til Noreg, og sit no i kyrkjeasyl . Dei står i fare for å bli sendt tilbake til Italia, der dei har måtte leve under open himmel.

Ikkje til bornet sitt beste

Men Unicef er kritisk til at born kan verte sende tilbake til Italia, som dei meiner er eit land som bryt FN sin barnekonvensjon på fleire punkt.

– Me tykkjer det er problematisk. Sett frå bornet sitt beste, er det ikkje optimalt, seier Fløgstad.

Ho seier at ifølgje Dublin-avtalen, har norske styresmakter rett til å sende asylsøkjarar tilbake til det landet dei fyrst søkte asyl i.

– Men ein kan ikkje seie det er til borns beste å flytte på seg slik det har vore tilfelle i denne saka, seier ho.

- Uhøyrt

Stortingsrepresentant frå Krf Geir Jørgen Bekkevold meiner kritikken frå Unicef er alvorleg.

– At me gjer dette er heilt uhøyrt. Me gøymer oss bak Dublin-avtalen. Men så veit me jo om ein del forhold, mellom anna Italia, som gjer at det er svært problematisk å sende born tilbake dit. Det er me sterkt imot.

Regjeringa hadde i går ikkje høve til å kommentere saka, men vil komme tilbake til kritikken frå Unicef i dag.

Menneskelege omsyn tyngst

Geir Jørgen Bekkevold seier at utlendingslova er meint å skulle oppfylle born sine rettar men er uroa over at dette kanskje ikkje vert gjort. Bekkevold er også svært kritisk til at born som har vore lenge i Norge likevel vert sendt ut av landet.

– Ein grunngjev med at innvandringspolitiske omsyn må vega tyngst, men eg meiner at menneskelege omsyn må vega tyngst, avsluttar han.

Geir Bekkevold

UROA: Geir Jørgen Bekkevold i Krf meiner at menneskelege omsyn må komme fyrst.

Foto: Eva Susanne Drugg / NRK