Hopp til innhold

Noregsmeisteren held fram jakta, men ikkje på medaljar

DRANGEDAL (NRK): – Etter gårsdagens labre prestasjon, så var dette litt overraskande, gliser Noregsmeister Ole Martin Erdal.

Ole Martin Erdal

SIGERSINTERVJU: Ole Martin Erdal fekk full klaff med medaljejakta under søndagens fellesstart i Drangedal. No skal han slappe av med hjort- og elgjakt.

Foto: Norges Skiskytterforbund

Med NM-gull på fellesstarten og ein god dose påfyll av motivasjon, reiser skiskyttaren frå Førde rett på elg- og hjortejakt i Folldal.

– Eg har vore litt for dårleg på å kvile siste vekene, så no skal eg heim for å kvile godt. Så skal eg på jakt, gliser Ole-Martin Erdal.

– Rå skyting

Og skal ein tru skytinga under søndagens fellesstart, går både hjort og elg i Folldal ei svært usikker framtid i møte. Sunnfjordingen sikre NM-gullet med 19 av 20 treff.

Avstanden til sølvvinnar Sindre Pettersen (Nittedal) var 23 sekund. Pettersen fekk seks bom. Ein meir enn bronsevinnar, og gårsdagens vinnar på sprinten, Tarjei Bø (Markane).

– Skytinga var heilt rå. Det var litt varierande vindforhold, men når ein skyt så pass bra, så blir det veldig bra til slutt, seier Erdal.

– Motivasjonsboost

Etter sprinten laurdag måtte ein langt, langt ned på resultatlistene for å finne sunnfjordingen. Då enda han på 37.-plass. Difor var dagens siger så overraskande.

– Det har vore mykje trening, så dei siste vekene har vore tunge for min del. Det passa perfekt å få ein motivasjonsboost no, seier skiskyttaren frå Førde.

I år er målet å konkurrere internasjonalt, først og fremst gjennom IBU-cupen og EM. Verdscupen meiner han er utanfor rekkevidd no.

– Eg veit eg kan halde nivået på gode dagar, men eg håpar at om eit par sesongar så kjempar eg med dei beste, seier han.