Hopp til innhold

Hadde huset fullt av premiar og pokalar - norgesmeisteren mista alt i storbrannen

Mangeårig norgesmeister i roadracing, Oddgeir Havnen, mista alle premiane og alt han eigde og hadde i brannen i Lærdal.

Oddgeir Havnen (t.h.) saman med statsminister Erna Solberg.

MISTA ALT: Oddgeir Havnen (t.h.) er mellom fleire som mista alt i storbrannen i Lærdal. Måndag kom statsminister Erna Solberg (H) på besøk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Måndag fekk han besøk av statsminister Erna Solberg (H) som kom til Lærdal for å sjå på skadane etter storbrannen natt til søndag.

– Det var ikkje mykje eg fekk med meg. Det var litt klede, men elles ingenting, fortel Oddgeir Havnen.

Åtte NM-titlar

Før han la opp grunna skade i 2006, vart han norgesmeister åtte gonger i roadracing frå 1997 til 2004. I tillegg vart han nordisk meister både i 2001 og 2003.

Havnen høyrde om brannen i 23-tida. I den kraftige vinden fann den raskt vegen gjennom bygda mot nabolaget til Havnen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset til Havnen like før det tek fyr.

TOK TAK: Huset til Oddgeir Havnen like før flammane fekk skikkeleg tak i det.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi var sjølve med å sløkkje brannen i garasjen ein halvtime før huset brann. Det var mykje eldkuler i lufta. Huset bakanfor var overtent og det såg lenge ut til at vi skulle klare å redde det. Så gjekk vinden andre vegen og tok både dette og huset på andre sida, fortel han.

– Forferdeleg

– Eg trur brannvesenet kjempa ein håplaus kamp på det verste, legg Havnen til.

Statsminister Solberg minner om at det heldigvis ikkje gjekk liv tapt i storbrannen. I alt gjekk 23 bygningar, av desse 16 bustadhus, opp i flammar. I tillegg er truleg fleire hus så skadd at det ikkje kan bu folk i husa.

– Eg forstår at det er forferdeleg å vite at alle ting ligg nedbrende her, men når liv er berga, så er det viktig å hugse at det berre er ting. Eg trur nok at dei fleste av oss veit at det er minner og ting ein gjerne skulle hatt med seg, seier ho.

Erna Solberg

FEKK INFORMASJON: Statsminister Erna Solberg på Lærdalsøyri måndag. F.v. lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK