Hopp til innhold

Noregs mest moderne turisthytte slit med finansieringa

Det er under 3 månader igjen til dronning Sonja kjem for å opne den nye turhytta til 16 millionar. Men framleis manglar ei løysing for å betale tilbake store delar av lånet som Luster Turlag sit att med i etterkant.

GODT I GANG: Byggjeprosjektet på Tungestølen ligg allereie to veker foran skjema

UROMOMENT: Det nye byggeprosjektet på Tungestølen er undervegs, men økonomien er ikkje trygga.

Foto: Luster Turlag

– Det er ei tung byrde å jobbe intensivt med eit så stort byggeprosjekt, og samstundes måtte jobbe med å løyse dei finansielle flokane, seier Ole Schanke Eikum frå Luster Turlag.

Storprosjekt sett i gong

I fjor haust byrja første del av byggeprosessen på den populære turiststølen. I alt vil prosjektet koste rundt 24 millionar kroner. Dei tre første bygningane som skal stå klart på seinsommaren vil utgjere ein kostnad på 15,9 millionar kroner. Det er førebels berre desse planane som er sette i verk.

Det er arkitektfirmaet «Snøhetta» som har designa den nye utgåva av Tungestølen, som er planlagt å sjå slik ut:

Tungestølen i Luster

NY UTSJÅNAD: Omtrent slik vil den nye utgåva av Tungestølen sjå ut når alt står ferdig.

Foto: Snøhetta

Knust til pinneved

Det var natt til 2. juledag, i 2011, at turisthytta på Tungestølen vart øydelagt av uvêret «Dagmar». Den tradisjonsrike turisthytta i fjella over Veitastrond hadde stått i 101 år, men då Dagmar hadde herja ferdig, stod berre grunnmuren att.

Grunnmuren

GRUNNMUREN: berre grunnmuren på Tungestølen overlevde uvêret.

Foto: Gabrielle Neset

Sidan den gong har planar om å byggje eit nytt hyttetun på stølen byrja å ta form, der medan anna Luster Kommune, Den Norske Turistforening og Luster Turlag har stått i bresjen.

Slit tungt med å finne sponsorar

Ole Schanke Eikum, frå Luster Turlag, er nøgd med at byggeprosessen er godt i gang. Som følgje av ein mild vinter og vår, ligg dei no to veker før skjema inn mot opningsdagen som er sett til 6. september. Eit stort skår i gleda for Luster Turlag, er derimot at dei slit med å få sponsorar og spelemidlar til å dekkje betydelege summar av kostnadane for dei nye bygningane.

– Det som er den store utfordringa er at me har fått ein del avslag på store sponsorsøknadar, og søkjemidlar, som me hadde forventningar til.

Ole Schanke Eikum

IKKJE NOK: Luster Turlag treng fleire sponsorar for å kunne finansiere byggjeprosjektet på tungestølen på sikt.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Som følgje av avslaga må turlaget ta i bruk lånefinansieringa som dei hadde i bakhand, for å fullbyrde prosjektet.

Sjølv om den midlertidige løysinga er på plass, så manglar per dags dato 3,7 millionar kroner for å betale tilbake låna dei har fått innvilga frå Luster Kommune og Luster Sparebank. Dette utgjer nesten ein firedel av totalsummen for 1. byggetrinn.

Vel å tenkje positivt

I tillegg til å gå inn med 3 millionar kroner i tilskot og 3,6 millionar i mellomfinansiering på moms gav Luster Kommune, tidlegare i år, Luster Turlag eit rentefritt lån på 2,3 millionar for å gjennomføre byggjeprosjektet.

Ordførar Ivar Kvalen, er bekymra over dei finansielle utfordringane dei står ovanfor, men seier han vel å vere optimist i saka.

– Det er klart det hadde vore veldig greitt å ha finansiering på plass no, og det tek mykje tid for turlaget som jobbar med det på dugnad, men eg har trua på at dette skal me få til.

Ivar Kvalen

OPTIMIST: Ordførar Ivar Kvalen trur dei finansielle flokane vil løyse seg med tida.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han håpar no at potensielle investorar og aktørar frå næringslivet vil sjå verdien av å få realisert prosjektet.

– Eg vil oppmode næringslivet i regionen til å sjå det positive i å få på plass det unike reisemålet som Tungestølen er. Det er ein eldgamal tradisjon med breivandring og opplevingar. Eg har sjølv ligge over på tungestølen fleire gonger, og det finst knapt nok ein finare plass å vakna på.