Hopp til innhold

«Me tjukkasar er flinke på bortforklaringar»

Pål Andreassen syklar gjennom alle fylke i landet og held foredraget «Min veg frå 185 til 100 kilo og vegen vidare». Denne veka var han i Førde.

Pål Andersen syklar Norge rundt.

Foto og redigering: Alf Vidar Snæland.

Foredraget er gratis, og det er Tonsåsen rehabiliteringssenter som har gjeve han den friske og fysiske sumarjobben. Andreassen var lenge ein tjukkas.

– Eg har vege rundt 185 kilo i 35 år, og eg var relativt tung som ung, også. Så det har vore eit tungt liv, bokstaveleg talt, seier Andreassen.

– 90 prosent sit i hovudet

– Ein veit vel innerst inne at ein er ein tjukkas, men me tjukkaser er veldig flinke til å finna orsakingar og bortorklaringar.

Han seier han gjekk inn i inn i ei boble for å klare jobben han hadde utsett i 35 år.

– Eg gjorde noko so enkelt som å setja seg ned med eit A4-ark og laga meg ein plan, og planen var å ta tak i trening/aktivitet og det eg skulle ete. Eg hadde 100 prosent fokus på dei to tinga.

Men han seier at god trening og rett kosthald, det fysiske, berre er halve jobben. Eller knapt nok det.

– Eg seier i føredraga mine at 90 % sit i hovudet. Om ein ikkje skjønar den mentale biten undervegs, so vil ein i likskap med 97 prosent av alle som slankar seg, gå opp i vekt att.

Han meiner ein del av denne mentale biten er å skjøne at orsakingar ikkje hjelper.

– Ein veit vel inst inne at ein er ein tjukkas, men me tjukkasar er veldig flinke til å finna orsakingar og bortforklaringar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pål Andreassen

HALVPARTEN: Forskjellen på desse bileta er 85 kilo. Andreassen reiser no rundt for å inspirere andre til slike halveringar.

Foto: Privar

Tjukkasgjengen på Facebook

Motivasjonen til å ta tak i vektproblema fekk han frå broren.

– Han kom flygande gjennom stova for å vise fram kroppen sin etter han var blitt slankeoperert. Då gjekk det ganske kaldt nedetter ryggen min, for då tenkte eg at eg var den einaste tjukke att i familien.

Og ein må ha ein indre driv for å klara å gjera ei livsstilsendring, meiner Andreassen. Ei gruppe som kan dra i lag er Tjukkasgjengen på Facebook

– Eg var så tøff i trynet at eg sa at eg skulle gå ein tjukkastur i kvart fylke. No har eg gått tjukkasturen min for i dag.

– Har du tenkt over at du sjølv er ein motiverande faktor?

– Eg har så fått mange tilbakemeldingar på at eg inspirerer veldig mange menneske.

For han reiser landet rundt og held føredrag og hjelper folk eit steg på vegen mot ein endra livsstil. Men det var ikkje gjeve at det skulle verte slik.

– For to og eit halvt år sidan hadde eg 100 % sosial angst i forsamlingar, eg har nesten ikkje vore med på noko sosialt, verken med ungane eller noko slikt. Nokon som "lurte" meg til å halde eit foredrag der eg fortalde historia mi. Eg fekk så mange tilbakemeldingar og såg at eg inspirerte folk.

Langt igjen

Og no har det enda med sykkeltur landet rundt. Han byrja heime i Torpa. For å vere original syklar han ikkje Noreg på langs, «slik alle andre gjer».

– Eg sykla derifrå til Hedmark, Oslo Akershus, ned til spissen av Østfold, opp att og til Vestfold. Ein liten stikkar opp i Telemark og Buskerud, so ned i Agderfylka, rundt spissen opp til Rogaland, Hordaland og no er eg då her i Sogn og Fjordane.

Undervegs har han mellom anna halde foredrag i Eivindvik. Det møtte det opp 14 menneske meir enn i Bergen! Mange tjukkasar og andre interesserte kan glede seg til føredrag heile sumaren. For det er langt heim.

– Andre eller tredje september syklar eg inn på tunet heime.

– Eg er ikkje bitter for alle åra

Akkurat no er han fem kilo over normalen.

– No er vekta 105, eg måtte ha litt å gå på denne turen. Den er nok nede i 100 når eg kjem heim i september.

I 35 år var altså vekta nesten det dobbelte av det ho er no. Etter han gjorde noko med vektproblema, har han reflektert mykje over det som var.

– Det som kostar meg mange, mange tårer etter at eg skjønte den mentale biten er: "kva tenkte eg på i forhold til ungane mine?" Før denne turen har eg nok brukt fleire timar i døgnet til å gråte i fortviling.

– Det har vore tøft. Men eg er ikkje bitter på meg sjølv.