Nordsjøen i krise

Tilstanden for miljøet i Nordsjøen er i krise. Fleire fiskeslag opplever kraftig tilbakegang og bestanden av sjøfugl er på eit historisk lågmål.

Svein Sundby og Dankert Skagen

Forskarane Svein Sundby og Dankert Skagen

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Seniorforskar Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet seier situasjonen er dramatisk og at klimaendringar og overfiske må ta skulda.

- Den er sannsynlegvis verre enn noko gong. Vi har hatt like varmt klima i Nordsjøen på 1920-1930-talet, men vi hadde då sjølvsagt ikkje det fiskepresset, seier han.

Svart hav

Klimaendringar og årevis med overfiske fører til svart hav utanfor kysten av Sør-Norge. Bestandane av Nordsjøsild, torsk, tobis og øyepål har nærast kollapsa og det gjer igjen at sjøfuglbestandane på Vestlandet er i krise.

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Dankert Skagen, er svært uroleg.

- Det har sett dårleg ut lenge og det ser ikkje betre ut no. For ein del av desse bestandane er vi ved ei grense på kva vi toler.

Maten til småfisken forsvinn

På kaia i Måløy lossar Dag Husevåg fersk lysing ut av sjarken sin. Han merkar at det har blitt mindre fisk og langt færre sjøfugl.

- Det har minka dei siste år, seier han.

Varmare hav har ført til mindre av dyreplanktonet rauåte i Nordsjøen, dette er maten til mykje av småfisken. Når det kjem i tillegg til overfiske kjem heile næringskjeda i fare.

- Treng dramatiske kvotekutt

Forskarane meiner det hastar med drastiske kvotekutt, men fryktar at politikarane ikkje vågar seg mot sterke næringsinteresser i Norge og EU.

Men Dag Husevåg meiner ein no må stole på forskarane. 

- Viss det er så dystert som dei seier, så må vi kanskje skjere ned litt, seier han.

- EU sitt ansvar

- EU må ta ansvaret for miljøkrisa i Nordsjøen, seier statssekretær i fiskeridepartementet Vidar Ulriksen.

Han meiner at unionen må rydde opp i ei feilslått fiskeriforvalting.

Administerande direktør Gunnar Domstein i Domstein Pelagic seier næringa må vere viljuge til å ta kvotekutt og meiner det er trist å sjå at ein ikkje greier å få til ei skikkeleg forvaltning av ressursane i Nordsjøen.