No får Magn Håkon og dei 260 andre dykkarane erstatninga dei har kjempa for i 15 år

Magn Håkon Muledal har i 15 år stått i frontlinja i kampen for erstatning til nordsjødykkarane. No får han og kollegene til saman 5,3 millionar kroner frå staten.

Magn Håkon Muledal har i 15 år stått i frontlinja i kampen for erstatning til nordsjødykkarane. No får han og kollegene til saman 5,3 millionar kroner frå staten.

FEKK AVKLARING: I dag fekk Magn Håkon Muledal og dei 260 andre kollegene vite at eit samla storting aukar erstatninga dei lenge har kjempa for.

Ein lang kamp vart i ettermiddag krona med ein halv million meir enn det regjeringa ville gje han og dei 260 andre nordsjødykkarane, som var pionerar i Norge sitt oljeeventyr.

– Eg fekk nett vite dette, og sjølv om det kanskje ikkje er den summen vi ville ha, så må vi no godta dette. No ser det ut for at vi endeleg kan setje ein sluttstrek., seier Magn Håkon Muledal til NRK.

Magn Håkon Muledal

UNG OG MODIG: Magn Håkon Muledal var til slutt ein av tre nordsjødykkarar som kjempa fram sigeren i menneskerettsdomstolen. Her frå pionertida i Nordsjøen.

Foto: privat / NRK

5. desember 2012 fekk Offshoredykkarunionen svaret dei hadde drøymt om frå menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Staten hadde brote menneskerettane fordi kontroll og oppfølging av dykkarane var for dårleg i den første pionertida i Nordsjøen.

– Jobben i nordsjøen kosta meg både helse og eit liv i arbeid, seier Muledal, som var ein av tre som gjekk til retten første gongen i 2002 for å få erstatning til kollegene.

Nær krigsveteranane

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) la 9. mai fram ein proposisjon der dei 260 dykkarane skulle få 1,7 millionar som ein ekstra kompensasjon for innsatsen dei la ned for Norge.

Men dette godtok ikkje dykkarane og gjekk til Stortinget. I ettermiddag kunne ein samla arbeids- og sosialkomite leggje fram at dykkarane får 500.000 kroner i tillegg til regjeringa sitt forslag.

Med forliket i Stortinget i dag får no kvar av dykkarane ei samla erstatning på 5,3 millionar kroner, noko som nær tilsvarer nivået krigsveteranane har fått.

Trekkjer saka for godt

Henning Haug

GODTEK SUMMEN: Henning Haug, leiar i Offshoredykkarunionen,

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Vi godtek den auka kompensasjonen på 2,2 millionar kroner. Dette setjer sluttstrek for 15 år med kamp for oss, seier Henning Haug, leiar i Offshoredykkerunionen. Begjæringen om opppattaking av saka vert også trekt no, ifølgje Haug.

Dykkarane var forrige veke i ei høyring i stortingskomiteen, og det er etter dette møtet at det har blitt semje om å auke den ekstra erstatninga frå 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda, til 25 gonger denne summen.

– Vi tykte det var for snevert

I Førde er Magn Håkon Muledal ein glad og letta mann torsdag kveld. Ikkje minst fordi det var tverrpolitisk semje om å auke regjeringa sitt forslag til erstatningssum.

– Arbeidsministeren gjekk jo ut med eit tilbod som arbeidsministeren tykte var raust, men som vi tykte var snevert. Difor har det vore mykje lobby- og møteverksemd etterpå. Men vi er rimeleg nøgde med at vi klarte å lande på 25 gonger grunnbeløpet i folketrygda, sler Muledal fast.

Usemje om sluttsummen

Etter det NRK veit, så var det til dels sterk usemje mellom dei ulike partia på Stortinget om kor mykje den endelege erstatningssummen til nordsjøpionerane skulle bli.

Mellom anna ville Høgre leggje seg på eit lågare nivå enn det forliket som vart kjend i kveld, medan småpartia ønskte å strekkje seg lenger enn det som vart resultatet.

– Det har vore ein lang kamp, og vi har vel trass alt grunn til å vere nøgde i kveld, seier Magn Håkon Muledal.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.