Nordmenn og utlendingar i slåstkamp

Natt til søndag har det vore slagsmål mellom fleire personar i Sogndal sentrum.

Det var i halv to-tida natt til søndag at operasjonssentralen hos politiet fekk melding om ein slåstkamp ved ein utestad.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt seier dei fekk fleire telefonar og at situasjonen i starten framstod som dramatisk.

– Nokre sa dei hadde sett ein kniv, medan andre hadde høyrt at nokre ropte kniv, seier han.

Politiet kom til staden, men har ikkje sett nokre knivar sjølv. Om lag ti personar skal ha vore involvert i slåstkampen.

– Det er meldt om seks nordmenn og fire utlendingar, men her er vi ikkje heilt sikre på talet.

Ingen skal ha blitt skadde i samanstøyten og politiet tok heller ikkje med seg nokon til arresten.

– Det blei gjort avhøyr på staden, og politiet vil følgje opp saka over helga, seier han.