Hopp til innhold

Nordisk meister for junior

Vektløftaren Tore Gjøringbø frå Tambarskjelvar IL henta i dag heim tittelen Nordisk meister i klasse 94 kilo. Det gjorde han etter å ha rykka 135 kilo og støyta 163 kilo. Gjøringbø prøvde seg på 170 kilo i siste forsøk i støt, men fekk det ikkje godkjent då armane ikkje var skikkeleg i lås, skriv Vektløftarforbundet på sine heimesider. I klasse 85 kilo deltok Hans Sande frå Brodd. Han fekk ein fjerdeplass med 103 kilo i rykk og 134 kilo i støt.