Hopp til innhold

Nordic Mining forstår ikkje kritikk

Selskapet bak gruvedrifta i Vevring stiller seg undrande til kritkken mot møtet dei skal ha med kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Engebø med utskipingskaia

KRITISK TIL MØTE: Naturvernarane er kritisk til møtet kommunalminister Liv Signe Navarsete skal ha med Nordic Mining.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining meiner det ikkje var naturleg å invitere skeptikarane til møtet og synfaringa som finn stad i neste veke.

- Dette er først og fremst eit møte for å orientere om prosjektet. Så vil det vere, og har vore, mange andre fora der alle interessenter til prosjektet kjem til orde, seier Fossum.

- Merkeleg og uryddig

Lokale miljøvernarar meiner møtet med kommunalminister Liv Signe Navarsete både er merkeleg og uryddig.

Nordic Mining sine planer om gruvedrift etter mineralet rutil i Engebøfjellet, er møtt av sterk lokal motstand.

- At dei vil ha møte er greitt nok, men det er måten det er gjort på. At dei står som arrangør tykkjer eg virkar veldig rart og påfallande, seier leiaren for Naturvernforbundet i Sunnfjord, Oddvar Etnestad.

- Naturleg

Fossum meiner det er naturleg at Navarsete som kommunalminister søkjer å sette seg inn i nye næringsprosjekt.

- Dette er eit informasjonsmøte om prosjektet og som tiltakshavar meiner vi oss skikka til å gje informasjon om prosjektet. Eit kvart slikt industriprosjekt går igjennom ein behandling og godkjenningsprosess med høyringsrunde der ulike fora og alle kan komme med sine synspunkt, seier han.