Hopp til innhold

Strid om framtidas E39 slår sprekkar i samarbeidsprosjekt

Det viktige samarbeidsprosjektet Nordfjord Vekst står i fare for å gå i vasken. Strid om kor E39 skal gå i framtida har skulda.

Tore Hjelle og Kristin Maurstad er usamde om E39-trase gjennom Nordfjord

STRID: Tore Hjelle og eidarane kjenner seg dolka i ryggen av Kristin Maurstad og Vågsøy. Dei to grupperingane er usamde om kor E39 skal gå i framtida.

Foto: montasje (Eid Høgre, Vegvesenet, NRK)

Prestisjeprosjektet Nordfjord Vekst skal erstatte Måløy Vekst og gjennom samarbeidet skal det bli jobba for å koordinere næringslivssatsinga i Vågsøy, Eid og Selje.

Men no slår samarbeidet sprekkar. Politikarar og næringslivstoppar i Eid kjenner seg dolka i ryggen av det politiske miljøet i Vågsøy. Dei to grupperingane er sterkt usamde om kor E39 skal gå i framtida.

Går vekk frå vedteken strategi

Samarbeidsprosjektet Nordfjord Vekst skulle etter planen å vere oppe å gå om kort tid. Dei tre Nordfjord-kommunane skal alle skyte inn vesentlege summar, og målet er at dei skal kunne stå samla i eit selskap som skal jobbe for vekst i området.

Dei tre kommunane har blitt samde om og vedteke eit grunnlagsdokument. Her står det mellom anna at det er Anda-Lote som skal vere den framtidige stamveglinja gjennom Nordfjord. Men no går sentrale politikarar i Vågsøy vekk frå dette.

Ei av dei er varaordførar Kristin Maurstad frå Arbeidarpartiet. Ho er i dag fungerande dagleg leiar i Måløy Vekst, organisasjonen som inviterte Eid og Selje til å inngå i eit felles samarbeid.

– Det kan bli oppfatta som å dolke dei i ryggen

Kristin Maurstad

HAR SNUDD: Kristin Maurstad seier situasjonen i Vågsøy har snudd seg sidan grunnlagsdokumentet vart laga.

Foto: Trond Vestre / NRK

Maurstad meiner indre line, altså via Stryn, er det einaste rette alternativet for framtidas E39 gjennom Nordfjord.

– Vi ser på det som det mest formålstenlege for Vågsøy. Men også for strekninga, og samtidig er vi veldig opptekne av Kystvegen, seier Maurstad.

– Men då Eid gjekk inn i Nordfjord Vekst, så stod det svart på kvitt at det var alternativet Anda-Lote som skal gjelde. Dolkar de ikkje eidarane i ryggen no?

– Det kan nok bli oppfatta slik. Når eg no uttalar meg som politikar er det i eit nytt kommunestyre. Det har skjedd ein del ting som endrar føresetnadene i forholdet til korleis situasjonen var då dokumentet vart laga, seier Maurstad.

– Dårleg start på samarbeidet

Tore Hjelle

MISNØGD: Tore Hjelle i Eid Høgre kjenner seg dolka i ryggen etter at Maurstad no går for E39 via Stryn.

Foto: Eid Høgre

Høgre-politikar Tore Hjelle i Eid er heilt klar på at dei kjenner seg dolka i ryggen.

– Eg synst det er urovekkjande når dagleg leiar i Måløy Vekst, som inviterte oss inn i samarbeidet, argumenterer for indre linje. Dette sjølv om det har vore klinkande klart at ein ønskjer å stå samla om at vegen skal gå i midtre, seier Hjelle som er svært skuffa.

Kva som no skjer vidare med samarbeidet er usikkert.

– Dette er veldig skuffande. Og det er ein veldig dårleg start på eit framtidig samarbeid, seier Hjelle.

Vegvesenet har gått for at E39 skal gå via Stryn, medan fleire av fylkespolitikarane seier Anda-Lote er det rette alternativet. I går kom Fylkesrådmannen med si tilråding, han går inn for at E39 i framtida skal gå via Stryn.