Hopp til innhold

Dei køyrer rundt i Nordfjord sin mest trafikksikre russebil

Dei køyrer rundt i Nordfjord sin mest trafikksikre jentegjeng. Men det einaste dei har gjort sjølv eg å vaska den og dekorera den litt.

Nordfjords mest trafikksikre russebil

VANN: Desse jentene køyrer trafikksikkert rundt på russetreffa.

Foto: Birger Meland / NRK

Nordfjord sin mest trafikksikre russebil er kåra av Statens vegvesen. Vinnaren vart ein jentegjeng frå Eid Vidaregåande skule, medan andreplassen gjekk til russ frå Firda vidaregåande skule.

Men jentene har ikkje gjort mykje sjølv, litt vasking og dekorasjon.

– Me har fått masse hjelp frå faren til Anny, me har eigentleg ikkje gjort so mykje sjølv. Me er veldig takksame for den hjelpa me har fått, seier Sara Sumstad, ein av jentene som trygt kan køyra rundt i russebilen sin.

– Den har ryggekamera, og pappa har fiksa slik at me fekk trepunktsbelte på alle seta, Anny Holmgren.

Nordfjord sin tryggaste russebil.

SJÅ VIDEO: Nordfjord sin tryggaste russebil. (foto: Birger Meland/NRK)

Jentene skal på fleire russetreff i løpet av dei neste vekene, både til Lillehammer, Florø og Breim.

– Eg er med vennene mine som eg er veldig glad i, og me vil ikkje at nokon skal kome til skade, seier Julie Holmgren.

I tillegg til heider og ære, fekk jentene med seg ein sjekk på 3000 kroner. Men om dei blir brukt til fleire tryggingstiltak er nok ikkje heilt sikkert.

– Pengane går nok til bensin og fest, smiler jentene.