NRK Meny
Normal

Silden: – Heller tre lokalsjukehus

Vågsøy-ordførar Roger B. Silden tok til orde for at Nordfjordrådet skulle gå inn for tre lokalsjukehus i fylket, då rådet var samla fredag.

Nordfjordrådet 1

HARDT MOT HARDT: Roger B. Silden er villig til å ofre sentralsjukehuset i Førde. T.v. Selje-ordførar Gunn Helgesen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Viss Helse Førde nektar å ta omsyn til merknadene vi kjem med, så ser eg ikkje noko anna alternativ, enn at vi må velje ein modell med tre lokalsjukehus, seier Silden.

Tre små sjukehus

Førde sentralsjukehus

BERRE LOKALSJUKEHUS: Vågsøy-ordføraren møtte kraftig motbør i Nordfjordrådet når han tok til orde for å ofre sentralsjukehusfunksjonane i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nordfjordrådet, som er sett saman av ordførarane i nordfjordkommunane, hadde i utgangspunktet ei samla tilråding før dagens møte på Nordfjordeid. Den gjekk ut på å behalde akutt og fødetilbod ved lokalsjukehusa - og sentralsjukehuset i Førde.

Men Vågsøy ordførar Roger B. Silden (Ap) sette seg på bakbeina. Han insisterte på at rådet skulle vedta at om Helse Førde må velje, så bør det vere tre lokalsjukehus i Sogn og Fjordane.

Ordføraren er dermed villig til å ofre spesialfunksjonane i Sogn og Fjordane, som i dag er lokaliserte i Førde.

Og dermed endte møte i full splid.

Ryssdal og Støyva vart irriterte

Nils P. Støyva

- UAKTUELT: Stryn-ordførar Nils P. Støyva tok sterk avstand frå partikollega Sildens forslag

Foto: Vegar Erstad / NRK

Gloppen-ordførar Anders Ryssdag (Sp) var tydeleg irritert.

– Dette kjem eg ikkje til å gå inn på i det heile tatt. Det kan eg seie. Eg meiner det er feil at vi seier at det ikkje skal vere eit sentralsjukehus i Sogn og Fjordane

Irritert var også Nils P. Støyva, ordførar i Stryn:

– Vi har diskutert dette i formannskapet i Stryn. Ei klar føring der var at sentralsjukehuset ikkje skal gjerast om til lokalsjukehus.

Han synest det blir spesielt når Silden kjem med på møte med eit papir som inneheldt nye punkt, når det før møtet hadde blitt arbeidd i fleire veker med eit 31-siders dokument som ein trudde rådet kunne stå samla bak.

Ny runde i kommunane

Roger B. Silden vil likevel ikkje endre meining.

– Vi er rett og slett handlingslamma. Skal vi ha noko å seie i dette spelet her, så må vi vere veldig klare og fortelje nøyaktig kva vi meiner, seier han til NRK.

Framlegget i Nordfjordrådet går no tilbake til dei ulike kommunane til ny drøfting.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast