Hopp til innhold

Ønskjer folkerøysting om kva fylke Eid skal tilhøyre i framtida

Delar av Nordfjord må om nødvendig innlemmast i Møre og Romsdal fylke for å sikre fullverdig sjukehustilbod i Volda.

Volda sjukehus

VIL HIT: Ei helsefaggruppe ønskjer at sjukehuset i Volda skal nyttast av nordfjordingane.

Foto: Helse Sunnmøre

Dette meiner den breitt samansette helsefaggruppa i Nordfjord. Det vil vere fornuftig at saka blir avgjort gjennom ei folkerøysting, seier Rune Muri som er lege og medlem av helsefaggruppa.

– Folk må sjølv avgjere det. Det er eit demokratisk system, så folk må gå til folkerøysting dersom dei skal gi klart uttrykk for kva dei vil.

– Men eit forslag om å innlemme Eid i Møre og Romsdal for å kunne nytte Volda sjukehus, er ikkje det å setje det for mykje på spissen?

– Eg kan ikkje forstå at det er å setje saka på spissen. Det har vore mykje fram og tilbake og til sjuande og sist må det vere folket som bestemmer korleis dei vil ha det, seier han.

Ønskjer seg til Volda

Den ortopediske avdelinga ved Nordfjord sjukehus er historie, det kirurgiske tilbodet er sterkt redusert og fødeavdelinga blir snart nedlagt. Nordfjordingane får dermed valet mellom å dra til Førde eller Volda for å få hjelp.

Med langt kortare reisetid til Volda enn til Førde, konkluderer no helsegruppa i Nordfjord at Nordfjord sjukehus blir innlemma i Helse Sunnmøre og at Volda må vere nordfjordingane sitt framtidige lokalsjukehus.

– Ei tillitserklæring

Avdelingsoverlege ved kirurgisk klinikk i Volda, Rune Heggedal, seier nordfjordingane er hjarteleg velkome dit.

– Vi ser det som ei tillitserklæringa at nordfjordingane vil til Volda. Det er vel naturleg at når dei har mista tilbodet innan kirurgi, så vendar dei seg dit det er nærast.

Trur spesialistane vil jobbe i Volda

Heggedal seier sjukehuset i Volda må få tilført fleire ressursar dersom dei skal ta imot fleire pasientar frå Nordfjord.

– Vi har ikkje kapasitet per i dag til å ta imot ein slik pasientstraum. Men dersom vi får eit auka ansvar, må det følgje ressursar med.

Fleire av spesialistane som har blitt overflødige i Nordfjord, vil kunne ta til i Volda, seier Rune Muri.

– Dersom Volda sjukehus får eit større nedslagsfelt og får tilført deler av pasientgrunnlaget frå Nordfjord, vil dei kunne få fleire stillingar for å klare oppgåve. Fleire av ortopedane som har jobba i Eid, har sagt seg villige til å jobbe i Volda.

Trur fylket held på å revne

Nordfjord Sjukehus

NORDFJORD SJUKEHUS: Den ortopediske avdelinga ved Nordfjord sjukehus er historie, det kirurgiske tilbodet er sterkt redusert og fødeavdelinga blir snart nedlagt. No ønskjer nordfjordingar seg nordover.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han meiner at dersom helsebyråkratar eller politikarar prøvar å stikke kjeppar i hjula for at Volda skal vere lokalsjukehuset for nordfjordingane, må folket avgjere om deler av nordfjord bør innlemmast i Møre og Romsdal fylke.

Muri seier at dersom Volda og Eid blir same helseregion, vil problema vere løyste.

– Dersom det blir lagt hindringar i vegen for at nordfjordingar skal få bruke Volda som sjukehus, er det opp til folk om dei vil flytte grensa.

Heggedal er overraska over at enkelte vil gå så langt som å bytte fylke for å nytte sjukehuset i Volda.

– Det er nokså dramatisk. Men det er vel eit uttrykk for kor sterk spliden har blitt i Sogn og Fjordane. Sett utanfrå, kan det sjå ut som fylket er i ferd med å revne.