Hopp til innhold

Nordfjordingar skulda for å vere kuttalibi

Legevaktsjefen meiner nordfjordingane opptrer som nyttige alibi når fleire lokalsjukehus landet over kan miste akuttfunksjonar.

Helseminister Bent Høie (H) vitja Nordfjord sjukehus

NYTTIGE ALIBI: Politikarar og sjukehustilsette får kritikk av legevaktslege etter at dei stilte seg positive til omlegginga av sjukehusdrifta.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Det uroar meg veldig, Høie brukar alibiet som ein mal for å gjennomføre dei same endringane ved dei andre lokalsjukehusa. Eg vil seie dette er ganske farleg.

Bent Ingebrigtsen

OPPGITT: Bent Ingebrigtsen fryktar andre sjukehus skal få kutt som følgje av framsnakkinga i Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det seier leiaren for legevakta i Nordfjord, Bengt Ingebrigtsen.

Fann løysinga i Sogn og Fjordane

I dag la Bent Høie fram Nasjonal Helse og sjukehusplan, sjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda, Stord og Flekkefjord kan miste akuttkirurgi.

Tidlegare i veka vitja helseministeren Førde og Nordfjordeid for å syne fram at slike nedleggingar kan vere vellukka. Han rosa den førre regjeringa for å ha starta prosjektet «Framtidas lokalsjukehus» på Nordfjordeid.

Jon Sverre Arnestad

POSITIV: Overlege Jon Sverre Arnestad har gode erfaringar med omlegginga.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Seksjonsoverlege ved Nordfjord sjukehus Jon Sverre Arnestad hadde ingen problem med å seie at lokalsjukehus utan akuttkirurgi kan vere ei god løysing.

– Nordfjordingar blir nyttige alibi

Ingebrigtsen som er busett i Volda, og fastlege i Hornindal, fryktar at nordfjordingane no vert nyttige alibi for at Høie skal kunne gjere store endringar over heile landet.

– Bent Høie har vore dyktig ved å klare å få politikarane, mellom anna ordføraren i Eid, legar ved sjukehuset, og personar sentralt i Helse Førde til å vere eit alibi for at Nordfjord sjukehus er ein god mal for framtidas lokalsjukehus.

Helseminister Bent Høie (H) sa til NRK måndag at ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) skal ha sagt det er blitt ro i helsestriden i Sogn og Fjordane.

Alfred Bjørlo

SAMLING: Alfred Bjørlo meiner det er blitt samling i Nordfjord om sjukehuset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bjørlo skriv i ein sms at han «med ro meiner at eit samla politisk miljø i Sogn og Fjordane (alle parti) og i Nordfjord (alle kommunar) har klart å samle seg om felles strategiar og sjå framover i staden for å krangle internt og krevje omkampar».

Frp-leiar: – Vi slåst for sjukehuset

Ein annan sentral helsepolitikar, Frp sin fylkesleiar Lars Svein Drabløs, meiner at Bent Ingebrigtsen bommar med kritikken.

Lars-Svein Drabløs i Frp

BOMMAR: Fylkesleiar i Frp Lars Svein Drabløs meiner Ingebrigtsen bommar med kritikken.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi som politikarar har slost for å få eit best mogleg sjukehustilbod. Der har aldri vore så stor aktivitet på sjukehuset i Nordfjord som no. Vi behandlar pasientgrupper i dag som knapt fekk eit skikkeleg tilbod før. Enkelte er nok meir opptekne av eit godt helsetilbod i Møre og Romsdal enn i Sogn og Fjordane.

Drabløs meiner det er eit poeng at legen som no kritiserer har bustadadresse i Volda, og har jobba som lege i kommunen.

– Han sin bakgrunn vil nok farge uttalene, eg vil ikkje seie meir.