Hopp til innhold

Nordfjordingar må truleg til han for legehjelp på kvelden

Frå februar må nordfjordingar truleg til Eid om dei må ha legehjelp etter klokka 16.

Thomas Vedeld

GOD KVALITET: Kommunelege og tillitsvald Thomas Vedeld trur den nye legevaktordninga vil gje god kvalitet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Selje, Stryn, Hornindal, Eid og Vågsøy er med i legevaktsamarbeidet. No har alle desse kommunane eiga legevakt, med unntak av nattetid og i helgane. Vaktbelastninga er stor, sidan eldre legar er fritekne frå ordninga.

Frå februar er målet at fastlegane i Nordfjord-kommunane skal dele på kveldsvakter på Eid. Vågsøyværingar, stryningar og honndøler må køyre til Eid om uhellet er ute.

Legane meiner den nye legevaktordninga vil heve kvaliteten, trass i lengre reiseavstand for dei aller fleste.

– Stabilitet gir god kvalitet. Då får vi folk som kjenner distriktet godt og som har erfaring med samhandling med andre deler av helsevesenet, og kan gjere gode vurderingar på bakgrunn av det, seier Thomas Vedeld, tillitsvald for legane.

Trur på ei betre ordning

Kommunelege Vedeld trur mindre arbeidsbelastning er positivt.

– Eg trur den beste måten å få god kvalitet på legevakta er å ha god kvalitet på fastlegekorpset i Nordfjord, og rekruttere dei rette og flinke doktorane og få dei til å bli verande her, seier han.

Det har stort sett vore innleigde vikarar som har arbeidd på Nordfjord legevakt siste året. Fylkeslege Per Stensland uttalte tidlegare i haust at å bruke vikarbyrå er risikosport.

– Ordninga med vikarar har vore kostbar, og ikkje god nok, seiar leiar for Nordfjord legevakt, Bent Ingebrigtsen.

Selje nøler

Kommunane er innstilte på den nye ordninga. Unntaket er Selje. Ordførar Ottar Nygård viser til avstandar.

– Vi ligg trass alt lengst frå sjukehus. Dess lenger på døgnet du kan bemanne det med legar tilsett i kommunen, dess større tryggleik er det mogleg å finne, seier Nygård.

Kommunestyret i Selje skal bestemme seg om to veker. Legevaktsjefen håpar å få med seg Selje.

– Vi trur at avstanden inn til legevakta på Nordfjordeid er god nok, og at ambulansetilbodet i Nordfjord veg opp for reiseavstanden, seier Ingebrigtsen.