NRK Meny
Normal

– Responsen var endå betre enn vi hadde håpa på

Ei ny desentralisert sjukepleieutdanning i Nordfjord kan bli ein realitet om fellesnemnda for nye Stad kommune får det som dei vil.

Fellesnemnda saman med rektor Berit Rokne og prorektor Bjørg Kristin Selvik.

POSITIVE: Fellesnemnda for nye Stad kommune lanserte i går ideen om ei desentralisert sjukepleieutdanning i Nordfjord for rektor Berit Rokne og prorektor Bjørg Kristin Selvik ved Høgskulen på Vestlandet.

Eit møte med leiinga ved Høgskulen på Vestlandet i går har gjeve fellesnemnda blod på tann i arbeidet med å jobbe fram utdanninga.

Både rektor Berit Rokne og prorektor Bjørg Kristin Selvik var positive til ideen.

– Faktisk meir positive enn vi hadde håpa på, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Stort behov

Møtet fann stad den nye Høgskulen sitt hovudkontor i Bergen. Her inviterte fellesnemnda høgskulen med på ein modell om ei desentralisert sjukepleieutdanning.

Ordførarane i Eid og Selje, Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal.

PLANAR: Ordførarane i Eid og Selje, Alfred Bjørlo (t.v.) og Stein Robert Osdal er optimistar med tanke på å få etablert ei desentralisert sjukepleieutdanning i regionen.

Foto: Bård Siem / NRK

Bakgrunnen er eit skrikande behov for sjukepleiarar i Nordfjord, men også i mange andre kommunar i åra framover. No vil utdanninga bli tema også i Nordfjordrådet.

– Ei desentralisert sjukepleiarutdanning vil gjere det mogleg for fleire å ta ei slik utdanning, og bør vere fullt mogleg å få til i vår digitale tid, seier ordførar Stein Robert Osdal i Selje.

Fleire sjukepleiarar

Høgskulen har allereie ei sjukepleieutdanning i Sogn og Fjordane. Bjørlo er tydeleg på at tilbodet ikkje skal konkurrere, eller ta studentar frå sjukepleieutdanninga i Førde.

Først og fremst fordi utdanninga i Nordfjord blir i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

– Poenget er å auke den samla tilgangen til sjukepleiarar. Ved å tilby ein desentralisert modell trur vi kan gjere at fleire kan ta utdanninga i kombinasjon med vanleg arbeid, seier Bjørlo.

Lang veg å gå

I førsteomgang ynskjer ein å sjå om interessa blant nordfjordkommunane er stor nok for eit prøvekull. No vil kommunane sjå vidare på korleis eit slikt utdanningstilbod kan organiserast. Kor raskt tilbodet kan vere oppe å gå er uvisst.

Bjørlo og Osdal er tydelege på at dei ynskjer resten av nordfjordkommunane med på laget.

– Her er eit stykke jobb å gjere framleis, men no er frøet sådd og vi opplever ei veldig positiv mottaking av ideen hos Høgskulen på Vestlandet, seier Bjørlo.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå rektor ved Høgskulen, Berit Rokne.

Vegopning på Bergum i Førde kommune