Hopp til innhold

Nordfjordingane vil ikkje ha storkommunar - desse karane trur derimot at det er best

NORDFJORDEID (NRK): Fleirtalet i Nordfjord støttar kommunesamanslåingar, men vil ikkje ha storkommunar. Det viser innbyggarundersøking om kommunekartet i framtida.

Tøger Lien, Egil Totland og Anders Nordbø

STORKOMMUNE: Kameratgjengen Tøger Lien (frå venstre), Egil Totland og Anders Nordbø er alle positive til å samle Nordfjord til ei storkommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vallogo

I alt 1852 nordfjordingar er telefonintervjua i innbyggarundersøkinga for Nordfjord, bestilt av Nordfjordrådet.

Haldninga er at mange innbyggarar støttar ei kommunesamanslåing, men ein vil ikkje ha storkommunar. Nordfjord som éin kommune verkar uaktuelt for dei fleste innbyggarane, og glopparane vil ikkje vere ein del av stor-Sunnfjord.

Meiner storkommune gir ein robust kommune

På gata på Nordfjordeid møter NRK tre karar som derimot er positive til éin storkommune i regionen. Anders Nordbø understrekar først at han meiner Eid godt kan greie seg åleine.

– Men eg trur nok ei samanslåing kjem likevel, og då ser eg ikkje noko anna fornuftig løysing enn heile Nordfjord.

– Kvifor er den løysinga den rette?

– Då vil vi få den såkalla robuste kommunen frå kysten og heilt inn i innlandet, med turisme og alle næringane i området samla. Det vil bli ei mangfaldig kommune, seier Nordbø til NRK.no.

- Eid og Gloppen er OK

Også kameraten Egil Totland er samd i at Eid bør bli ein del av ei samla storkommune i Nordfjord, og viser til at det truleg vil vere det som må til for å bli stor nok.

– Det er antyda frå sentralt hald at ei kommune no må ha mellom 15 000 og 20 000 innbyggjarar, og då synest eg det er gale å gå over fylkesgrensa for å få ei kommune, i i staden for å vere heile Nordfjord i ei kommune, seier han.

Ei samanslåing med berre Gloppen kan også vere aktuelt meiner Totland, men som kamerat Tøger Lien kommenterer, vil ei slik kommune kanskje ikkje bli stor nok.

– Eid og Gloppen i lag er eit OK alternativ. Men ein vil ikkje oppå det som ein hadde som utgangspunkt når ein skulle få ei storkommune, meiner Lien.

Eit ekspertutval har tidlegare sagt at alle kommunar i framtida bør ha minst 15.000-20.000 innbyggjarar.

Negative til Nordfjord som ei kommune

Men dei tre karane sitt syn på storkommune er i mindretal ifølgje innbyggarundersøkinga. Der kjem det fram at det er lita stemning for ei storkommune som femnar om heile Nordfjord.

Stryningane og honndølane er mest skeptiske. Heile 75 prosent er negative i Stryn, 72 prosent i Hornindal.

Men også i dei andre kommunane er eit tydeleg fleirtal skeptiske. Mest positive er eidarane der 46 prosent støttar storkommune, men også der er det ei overvekt på 47 prosent som er negative til ei storkommune.

Gloppen ser mot Eid

Anders Ryssdal

GLOPPEN: Senterparti-ordførar Anders Ryssdal styrer ein kommune der innbyggjarane ser samanslåing med Eid som det beste alternativet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Alfred Bjørlo

EID: Alfred Bjørlo er Venstre-ordførar i Eid, der fleirtalet av dei spurte er mest interessert i ei samanslåing med Gloppen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Sven Flo, ordførar i Stryn

STRYN: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H) styrer ein kommune der dei fleste av dei spurte ser mot Hornindal når det er snakk om kommunesamanslåing.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu
Anne-Britt Øen Nygård

HORNINDAL: Ordførar Anne-Britt Øen Nygård (Sp) kan lese av undersøkinga at over halvparten av dei spurte i kommunen vil at kommunen slår seg saman med andre.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK
Morten Hagen

VÅGSØY: Om ordførar Morten Hagen (H) skal høyre på folket er Selje og Bremanger dei mest naturlege å slå seg saman med.

Foto: Silje Guddal / NRK
Ottar Nygård

SELJE: Ordførar i Selje Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste) kan av undersøkinga sjå at mange av innbyggjarane ser nordover når det er snakk om kommunesamanslåing.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Karl Vidar Førde

BREMANGER: Ordførar Karl Vidar Førde (Sp) styrer ei kommune der tre av fire spurte vil at kommunen skal halde fram med å stå åleine.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

I Gloppen ynskjer fleirtalet av innbyggarane å halde fram som eigen kommunane som i dag. Dette gjeld 53 prosent, medan 42 prosent ynskjer samanslåing med ei eller fleire av nabokommunane.

Om Gloppen skal slå seg saman med ei anna kommune ynskjer heile 72 prosent å slå seg saman med Eid. Berre 16 prosent vil ha med seg Stryn.

Alternativet med ei storkommune i Sunnfjord der Gloppen er med blir møtt med kraftig skepsis. Heile 70 prosent av innbyggarane er i mot at Gloppen skal ta del i Stor-Sunnfjord.

Eidarane mest interessert i Gloppen

Eid og Gloppen ser ut til å ha god kjemi. I Eid meiner 64 prosent at Gloppen er ei kommune ein kan slå seg saman med. Stryn og Vågsøy får 39 prosent kvar.

56 prosent av eidarane ynskjer samanslåing med ei eller fleire nabokommunar, medan 39 prosent vil at Eid skal halde fram som i dag.

Stryn trur på Hornindal

I Stryn støttar 65 prosent ei samanslåing med andre kommunar, medan 30 prosent er i mot.

Det er Hornindal som peikar seg ut for stryningane. Heile 80 prosent meiner Stryn og Hornindal bør slå seg saman.

Av dei andre kommunane har 28 prosent tru på Eid, medan 12 prosent har tru på Gloppen.

Hornindal ser også mot Stryn

55 prosent av honndølane meiner kommunen bør slå seg saman med ein annan. 39 prosent er mot. 78 prosent har tru på Stryn, medan 24 prosent har tru på Eid.

Undersøkinga viser også at ein ganske stor del honndølar ser mot Sunnmøre.

Vågsøy tenker kysten

I Vågsøy vil 68 prosent av innbyggarane ha med seg Selje inn i ei ny kommune, halvparten kan også tenke seg å slå seg saman med Bremanger.

36 prosent støttar at Eid og Vågsøy burde kunne slå seg saman. 62 prosent av innbyggarane i Vågsøy støttar ei samanslåing med ei nabokommune, medan 32 prosent vil halde fram som eiga kommune. 29 prosent støttar ei storkommune i Nordfjord, 64 prosent er negative.

Selje vil både nord og sør

64 prosent av seljeværingane kan tenke seg ei samanslåing med ei nabokommune, medan 30 prosent er i mot. 55 prosent ser mot Vågsøy, medan 32 prosent også ser mot Eid.

Også i Selje ser mange mot Sunnmøre. 41 prosent har peika nordover. 29 prosent støttar ei storkommune i Nordfjord, medan 59 prosent ser ikkje på det som fornuftig.

Bremanger vil stå åleine

Skepsisen er stor mot kommunesamanslåing i Bremanger. Heile 74 prosent meiner Bremanger kan halde fram åleine, berre 18 prosent går for samanslåing.

Om ein fyrst «må til pers» ynskjer 29 prosent ei samanslåing med Vågsøy, og 18 prosent ser mot Eid. 74 prosent er i mot ein samla kommune for heile Nordfjord.

– Vi blir sterkare

På gata på Nordfjordeid gir også Toril Taklo tommelen opp for ei kommunesamanslåing for Eid sin del.

– Eg er absolutt positiv. Eg trur vi blir sterkare når vi er fleire, og at vi treng det, rett og slett.

På spørsmål om kva nabokommune ho meiner er mest naturleg å slå seg saman med, peikar ho raskt på Gloppen. Ho gler seg over at undersøkinga viser at mange glopparar også ser mot Eid, men vedgår at ho helst skulle sett at den nye kommunen vart endå større.

– I grunn skulle vi ha vore ei storkommune med alle nordfjordkommunane, men det trur eg blir vanskeleg å få til. Så då trur eg Gloppen er den vi står sterkast saman med, seier Taklo.

Toril Taklo

POSITIV: Toril Taklo er svært positiv til at Eid blir del av ein større kommune, og gjerne ein kommune med heile Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK