Hopp til innhold

Nordfjordingane er rasande

Folk i Nordfjord kjenner seg totalt svikta av den raudgrøne regjeringa.

Nordfjord sjukehus

MISTAR FØDEAVDELINGA: Den skal gjerast om til jordmorstyrt fødestove.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I dag bestemte helseministeren at fødeavdelinga der skal omgjerast til fødestove, samstundes som ho nedjusterer fødestovene i Odda, Lærdal og Lofoten.

– Veit ikkje korleis det er å bu her

Anita Oppheim Erdal frå Stryn er ei av mange kvinner i regionen som er rasande på helseministeren.

– Det er helt forferdeleg, dei veit ikkje korleis det er å bu på landet.

Ho har fått ein gut for to dagar sidan, men gleda over å ha fått sitt fyrste barn er blanda med kjensla av frustrasjon.

Meiner reisevegen blir lang

I dag har regjeringa teke avgjerd i den betente sjukehustriden her i fylket. Vedtaket innebærer at den medisinske akuttfunksjonen skal oppretthaldast, men Lærdal mistar gynekologen ved den forsterka fødestova og vert vanleg fødestove.

Også fødeavdelinga på Nordfjordeid vert omgjort til fødestove. Oppheim Erdal meiner det betyr lang reiseveg for mange i Nordfjord.

– Det er greitt for mange å kunne køyre hit slik det er no, det er viktig for oss.

Fortvila ordførar

I korridoren utanfor står ein fortvila fylkesnestleiar og Ap-ordførar i Eid kommune Sonja Edvardsen. Heilt sidan nedleggingsplanane vart kjent for eitt år sidan, har ho kjempa for at regjeringa skal stoppe planane, i staden vart det eit totalt nederlag.

Sjukehuset mister både fødeavdelinga og ortopeditilbodet. I praksis vert det ikkje kirurgi att.

Ordføraren: – Det er vanskeleg for oss

Ordførar Sonja Edvardsen

FORTVILA: Eid-ordførar Sonja Edvarsen seier situasjonen er forferdeleg.

Foto: NRK

Ei fødestove som erstatning har både jordmødre og politikarar tidlegare sagt dei ikkje vil ha. Berre 30 prosent av dei fødande kan føde der, og ein vil ikkje ha tilgang på keisersnitt eller anestesibedøving.

På plussida får regionen ei pakke på 25 millionar kroner over tre år for å omstille sjukehuset, i tillegg til opning av den etterlengta rusposten.

– Det viktigaste med eit lokalsjukehus, er føde- og akuttilbodet. Det er heilt forferdeleg og det er ein vanskeleg situasjon for oss i Nordfjord i dag, seier Edvardsen.

– Galskap, horribelt

Også i Måløy er folk rasande. Dei har alt i underkant av ein times køyring til fødeavdelinga på Nordfjordeid. Raudgrøne stortingskandidatar lova å oppretthalde sjukehuset før valet, no kjenner folk seg grundig lurte.

– Det er galskap. Å ha eit lokalsjukehus med dei funksjonane vi har hatt, er viktig for oss, seier ein mann vi snakka med på gata.

– Arbeidarpartiet døyr og eg håper Senterpartiet gjer det same. Liv Signe Navarsete har lova ho skulle fiksa det, men det klarte ho ikkje, er den klare meldinga frå ein opprørt mann.

– Dette er horribelt. Det er ikkje rett i det heile teke, det blir alfor lange avstandar, seier ei kvinne.

Meiner dei er handlingslamma

På Nordfjordeid går fleire tilsette ved lokalsjukehuset med tårer i augene. Fleire meiner også Nordfjordeid burde få behalde ortopedien når Lærdal får behalde og styrke sin.

Hildegunn Espe har vore anestesisjukepleiar i 25 år. Ho seier dei er handlingslamma.

– Vi vakna til denne beskjeden på 1. april. Eg har jobba her i 25 år og sett eit sjukehus i rivande utvikling, heilt fram til Helse Førde tok over. Etter det har vi gradvis blitt bygd ned. No blir vi eit medisinsk senter, vi som var eit av landets beste lokalsjukehus. I dag har eg ikkje ord, seier ho.

Forsvarar nedleggingane

På radioen i pauserommet kunne jordmødrene høyre helseminister Anne-Grethe Strøm Erichsen forsvare nedleggingane.

– For å skape eit stabilt og trygt fødetilbod er det viktigaste. Her har faglege råd vegd tungt. Vi må vere sikre på at vi har gode og kompetente legar og faglege miljø som er trygge, sa helseministeren.

Men det var også via nyheitene på NRK radio at dei tilsette i dag tidleg vart informert om at føde- og ortopediavdeling forsvinn. Verneombod og jordmor Elin Stølen er rasande.

– Det er skammeleg, det er ein arbeidsgivarpolitikk som ingen andre hadde sleppt unna med.

Trur mange ikkje flyttar tilbake

Tilbake på rommet til Anita Oppheim Edal trur den nybakte mora at det vil bli færre unge kvinner som vil flytte til og få born i Nordfjord i framtida

– Eg har høyrt om folk som ikkje vil flytte heim dersom det ikkje er sjukehus i nærleiken.