NRK Meny
Normal

Nordfjording overlevde forlis

36 år gamle Egil Atle Hafsås frå Stadlandet  er blant dei sju overlevande frå Bourbon Dolphin som forliste utanfor Shetland.

Egil Atle Hafsås
Foto: BBC

SJÅ: VIDEO FRÅ DRAMAET

HØYR: HAFSÅS RINGDE MORA, TURID DRAGE.

HØYR: REIDAR VETVIK MØTTE DEI OVERLEVANDE

Det stadfestar mannskapssjef Svein Harald Ernstsen i reiarlaget Bourbon Offshore Norway AS.  

Bourbon Dolphin
Foto: John Soanes / AP

10 personar er så langt funne, tre av dei er omkomne. Fem av mannskapet er framleis sakna. Dei sju overlevande har fått legebehandling på Lerwick's Gilbert Bain Hospital på Shetland.

Mora letta

Mor til Hafsås, Turid Drage, fekk telefon frå sonen om lag ein time etter forliset torsdag kveld.

- Eg vart oppringt av reiarlaget i sju-tida i går kveld om at båten hadde forlist. Det var ei frykteleg melding og eg fekk beskjed om å vente. Eg frykta det verste. Då han ringde sjølv rundt kvart over åtte greidde eg mest ikkje å snakke. Er det du, er det du, var det einaste eg fekk stotra fram. Det var enormt godt å høyre røysta hans, seier mora. 

Fekk på seg redningsvest 

Turid Drage
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ho fortel at sonen klarte å få på seg redningsvesten og hoppe i sjøen då han såg at båten heldt på tippe rundt.

- Han berga seg saman med to andre som også hoppa i sjøen. Dei vart relativt raskt berga fordi det var mange andre båtar i området, fortel Drage.

Skalv 

- Korleis var det å sitje og vente på ny beskjed frå reiarlaget?

- Det var heilt frykteleg både for meg og mannen min. Eg ringde ei venninne i nabolaget som kom bort og heldt oss med selskap. Det var kaos i hovudet og eg skalv. Det var heilt utruleg då han ringde sjølv. Eg fekk nesten gledsessjokk.

Tredje turen

- Heldigvis gjekk det bra med sonen min. Det er verre for mange andre som har mista sine næraste. Tankane går til alle dei som har mista sine kjære, seier Drage til NRK.

Hafsås jobba som matros på ankerhandteringsfartyet "Bourbon Dolphin". Han var med på sin tredje tur på skipet som er eigd av eit reiarlag på Herøy på Sunnmøre. 

Gjekk rundt på få minuttar

Sjømannsmisjonær Reidar Vetvik frå Måløy driv fiskekafèen Havly Center på Lerwick på Shetland. Han snakka med samtlege av dei overlevande etter skipsforliset torsdag kveld.

- Det var ei dramatisk oppleving for dei. På få minuttar gjekk båten rundt. Dei som var i stand til det hoppa på havet. Dei fekk så vidt tid til å ta på seg redningsvestar. Nokre av dei måtte og ha hjelp av kameratar til å få tak i vestane, seier han til NRK.

Dregen ned av ankerkjettingen

Til Vetvik fortalde mannskapet at vekta av ankerkjettingen drog ned båten

- På ein eller annan måte var kjettingen kome over på sida av båten, og vind og straum byrja å trekke båten rundt. Det enda med at båten trilla rundt på ganske få minuttar, seier Vetvik til Bergens Tidende.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.