NRK Meny
Normal

Nordfjording ferska med ny cannabisplantasje

Nordfjordingen vart ferska med heimedyrka marihuana i 2015. I februar i år var han i gang igjen med cannabisplantasje.

Hasjbeslag på Sandane

BESLAG: I bustaden fann politiet mykje utstyr og cannabisplantar.

Foto: jan nik. hansen / Firda Tidend

No er mannen i 40-åra dømd til fengsel i eitt år for omfattande produksjon av marihuana.

Medan mannen opererte på eigahand då han vart pågripen tidlegare i år, fekk han god hjelp frå to kameratar med marihuanaproduksjonen politiet stogga i februar for to år sidan .

Nils Ove Roset

STORT: Politiet i Gloppen gjorde eit stort beslag i bustaden. – Vi fann veldyrka og velvaksne cannabisplantar, fortalde lensmann Nils Ove Roset til NRK.

Foto: Jan Nik. Hansen, Firda Tidend

Politiet meiner at mennene frå februar 2013 til februar 2015 produserte kring 2,5 kilo marihuana. I tillegg fann dei plantar som ville gjeve eit utbyte minst 510 gram av det forbode rusmiddelet.

Nyleg vart ein sunnfjording dømd til 205 timar samfunnsstraff for medverknad . Ein Nordfjording i 30-åra, som politiet meiner hadde ei underordna rolla, fekk 70 timar samfunnsstraff.

I februar i år var glopparen altså i gang igjen med å dyrke fram sin eigen marihuana. Då politiet kom på døra, fann dei ti cannabisplantar og 14,8 gram hasj hos mannen.

Mannen erkjende i retten at fleire besøkande hadde brukt av stoffet. Han nekta for, og verken politi eller retten fann det bevist, at stoffet hadde vore omsett.

Samla sett meinte retten at fengsel i eitt år og sju månader var rett utgangspunkt for straff. Mannen fekk to månader tilståingsrabatt og ein vesentleg rabatt fordi saka i 14 månader vart liggande hos politiet. Dette meiner retten er eit vesentleg brot på menneskerettane om «offentleg rettargang innan rimeleg tid».

Til frådrag i fengselsstraffa kjem fem dagar varetekt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.