NRK Meny
Normal

Må i fengsel for vald, trugsmål og rus

Nordfjordingen som var tiltalt for 13 brot på straffelova, tilstod alt då han møtte i retten.

Fjordane tingrett 7
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var mange forhold mannen måtte svare for i Fjordane tingrett. I vår kom han med skjellsord mot to politimenn. Han sa også til den eine av dei at han skulle «knuse trynet» hans. Mannen skal også ha slege politimannen i bakhovudet med flat hand.

På lista stod også kjøp av hasj, marihuana og tablettar som Subutex og Rivotril. Han har også oppbevart og brukt narkotika.

Køyrde rusa - utan lappen

Hausten 2012 blei han stoppa då han køyrde bil, påverka av narkotika. Ein blodprøve viste ein konsentrasjon i blodet som svarar til 1,2 i promille. Nordfjordingen har ikkje førarkort, men hadde likevel sett seg bak rattet. Same hausten blei han stoppa fem gonger på to månader utan lov til å køyre bil.

Han har også i rusa tilstand køyrd av vegen og krasja med ein parkert bil, utan å melde frå til politiet.

Må sone fire månader

Det siste tiltalepunktet er frå november då han prøvde å køyre ein personbil etter eit trafikkuhell, trass i at han var påverka av alkohol og andre rusmiddel. Noko som tilsvarer 1,2 i promille.

Mannen møtte i retten og tilstod alt. Fjordane tingrett har dømd mannen til åtte månader fengsel, der fire månader er på vilkår. Han må betale 10.000 kroner i bot og får 24 månader sperrefrist for å ta førarkort.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.