Hopp til innhold

Åtvarer mot rekved: - Stor fare for båtar

Uveret det siste døgnet med mykje regn har ført til seg store mengdar rekved på Nordfjorden.

Video Fjorden flyt av rekved

SJÅ VIDEO: Her flyt drivgodset på fjorden. Foto frå helikopter.

– Faren er at har du stor fart, så kan du slå hôl i båten din.

Det seier skipper Helge Bjørnset på ferja MF «Lote» som trafikkerer sambandet Anda - Lote.

Han ber båtfolk som ferdast på Nordfjorden om å vere forsiktige.

– Ver veldig obs på trestokkar som ligg og flyt. Dei ligg tungt i sjøen, så du ser dei berre så vidt. Så det er stor fare, åtvarar Bjørnset.

Til saman 43 personar vart evakuerte på Lote i Eid og Blakset i Stryn natt til måndag, då elvene gjekk over sine breidder.

Skadene på eigedomar er store, og mykje skog er og anna skrot er ført ut på fjorden.

Dei evakuerte fekk vende heim måndag kveld.