Hopp til innhold

Nordfjordbru nedbetalt på 15 år

Med dagens ferjetakst kan ei bru over Nordfjorden bli betalt ned i løpet av 15 år.

Ei av bruløysingane over Nordfjorden

Ei av bruløysingane over Nordfjorden, ei skråstagbru.

Foto: Aas-Jakobsen

Bomselskapet Nordfjordkryssing har fått utarbeidd ei utrekning som tek føre seg det dei meiner er den framtidige trafikken dersom det blir bygt ei bru over Nordfjorden, og kor mykje dette vil kunne bidra med i bompengar.

Utrekningane frå Nordfjordkryssing viser at prosjektet er innanfor departementet sitt krav til at finansieringa skal delast likt mellom Staten og brukarane.

– Svært realistisk

Mats Andersson i bomselskapet seier tala syner at ei bru ved Anda - Lote er svært realistisk.

– Desse tala er høgare enn det vi venta, og det er vi veldig glade for. Dette gjer prosjektet svært realistisk samamlikna med andre bompengeprosjekt.

Med ei bru over Anda - Lote meiner bomselskapet dei kan ta inn 1,6 milliardar kroner på 15 år med dagens ferjetakst.

– Det betyr at vi får ei bru som bind saman Nordfjord og som er til beste for E39 og heile Vestlandet i åra som kjem, så dette er svært godt nytt.

Avventande politikar

Men leiar i hovudutval for samferdsle i fylkeskommunen, Arnstein Menes, er avventande til tala som er presenterte.

– Det er vanskeleg på strak arm å sette seg inn i alle utrekningane. Med ferjeavløysing og bompengar får vi nok inn ein del pengar, men konkrete tal er det vanskeleg å seie noko om.