Hopp til innhold

Nordfjord-lege seier han fekk refs

Den røynde legen Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus seier han blei kalla inn på teppet og refsa av Helse Førde.

Henrik Berg

FÅR IKKJE UTTALE SEG: Overlege Henrik Berg blei kalla inn til møte ved medisinsk klinikk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bakgrunnen er at han har gått ut med offentleg kritikk mot nedbygging av pasienttilbodet på Eid. Dei prøvar å få meg til å halde kjeft, seier Berg.

– Det er aldri behageleg å bli kalla inn til nok slikt. Det var veldig formelt, seier han.

Skal ikkje uttale seg til media

Det var sist veke at Henrik Berg på to timars varsel vart kalla inn til møte ved medisinsk klinikk. Her fekk indremedisinaren beskjed om å overlevere informasjonsmateriell han tidlegare har vist til leiande polikarar på Stortinget. I tillegg fekk han beskjed om at andre enn legane skal uttale seg til media.

– Dei fortalde meg at tilsette skal vende seg til næraste leiing eller til informasjonsdirektøren dersom presse tek kontakt.

Stilte kritiske spørsmål

Saman med legekollegar frå Nordfjord deltok Berg på ein pressekonferanse nyleg der det vart stilt kritiske spørsmål til nedbygginga av tilbodet ved Nordfjord sjukehus. Berg sine overordna likte ikkje han at deltok på pressekonferansen, men Berg sjølv angrar ikkje på at han deltok.

– Når vi veit vi fortel sanninga og kan stå for det vi seier, er det ingenting å vere skremd over.

– Men bør de ikkje halde dykk til vedtaket som er gjort og vere lojale mot det?

– Sjølvsagt har vi eit lojalitetskrav, men her er det punkt som ikkje er rette. Vi føler eit ansvar og gjer det vi kan for at viktig avgjerder som rammar liv og helse blir gjort på eit så godt grunnlag som mogleg.

Vil ikkje kommentere

Olav Hesjedal, direktør ved medisinsk klinikk i Helse Førde som deltok på møtet med Berg, seier dette er ei intern sak som han ikkje ønskjer å kommentere.