NRK Meny
Normal

Landbruksnæringa krev betre arbeidsforhold hos Nordfjord Kjøtt

Landbruksnæringa krev at Nordfjord Kjøtt betrar arbeidstilhøva for dei tilsette. Men bøndene vil ikkje umiddelbart levere til andre slakteri.

Magnar Juklestad

MÅ HA SOLIDARITET: Leiar i Bonde- og småbrukarlaget, Magnar Juklestad, seier bøndene ikkje kan ha det på seg at slakteriet handterer tilsette slik.

Foto: Bård Siem / NRK

Ein av dei som leverer dyra sine til Nordfjord Kjøtt er gardbrukar Pål Befring. Han likar ikkje historiene som er avdekka ved bedrifta.

– Det er alvorleg at folk skadar seg på ein arbeidsplass som eg trudde skulle følgje vanlege lover og reglar og arbeidsmiljølov, seier Befring.

Nordfjord Kjøtt er meld til politiet av Arbeidstilsynet for fleire brot på arbeidsmiljølova etter at ein arbeidar mista fingeren på ei farleg og defekt maskin. Ein annan arbeidar stod fram med alvorlege syreskadar.

Fleire slovakarar som jobbar ved bedrifta meiner arbeidstilhøva er prega av så høgt tempo og arbeidspress at det går på tryggleiken laust.

– Må ta tak

Befring, som er medeigar i Befring samdrift, forventar at Nordfjord Kjøtt ryddar opp.

– Eg forventar at Nordfjord Kjøtt som ei stor bedrift tar tak i dette, seier han.

– Vil de vurdere å levere ein annan plass etter at dette vart kjent?

– Samdrifta må vere samde om det. Men vi som leverandørar er opptekne av at dei vi leverer til har eit godt ansikt utad, og at vi kan vere stolte av å levere til dei, seier Befring.

Avviser skuldingane

Nordfjord Kjøtt går på heimebesøk til tilsette som er heime på grunn av sjukdom, og ein av slovakarane, Jan Duracka, påstår at han vart tvinga til å skrive si eige oppseiing fordi han var vekke frå arbeidsplassen i samband med faren sitt dødsleie.

Leiinga ved Nordfjord Kjøtt har heile tida avvist alle skuldingar som har kome mot bedrifta. Administrerande direktør, Geir Egil Roksvåg, sa tidlegare i veka at bedrifta tar HMS og tryggleik på alvor.

Geir Egil Roksvåg

SJEF I NORDFJORD KJØTT: Administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, seier arbeidsmiljøet i bedrifta er bra.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg synest det er svært beklageleg at folk går ut og er så negative. Vi ser svært alvorleg på det, og vi vil gå over våre eigne rutinar så langt vi kan. No er det i 2013 og 2014 laga ein arbeidsmiljørapport og den viser at folk trivst, at folk jobbar i eit godt miljø og har det godt, sa Roksvåg då sakene vart kjende.

Viser til solidaritetskjensla

Magnar Juklestad, leiar i norsk bonde- og småbrukarlag i Sogn og Fjordane, meiner på si side at saka er svært alvorleg.

– Det er klart at vi kan ikkje ha på oss at ei kjøttbedrift som foredlar landbruket sine varer handterer sine tilsette på ein slik måte. Det er vanleg solidaritet mellom yrkesgruppene, seier Juklestad.

Gardbrukar Randi Flølo frå Jølster, som har levert dyr til Nordjord Kjøtt i 25 år, har liten sans for det som har kome fram om den private kjøtverksemda frå Loen i Stryn. Samtidig seier ho at det ikkje er aktuelt å kutte ut Nordfjord Kjøtt for i staden å levere til det bondeigde Nortura.

– Det er ikkje kjekt å lese. men eg har stor tru på at Nordfjord Kjøtt kjem til å gå gjennom rutinane og få orden på eventuelle feil som er gjort, seier Flølo.

– Men vil de vurdere å levere til andre slakteri?

– Nei, vi har betre betalt og god service og då ser vi ingen grunn til å levere til nokon andre, seier Flølo.

Rema 1000 vil granske Nordfjord Kjøtt

Nordfjord Kjøtt leverer alle produkta sine til Rema 1000, og kommunikasjonsdirektør Mette Fossum Beyer uttale i går at butikkjeda ser alvorleg på saka.

– Vi ser svært alvorleg på desse hendingane og i tillegg til arbeidstilsynet sin gjennomgang, har vi bede om ein ekstern gjennomgang av HMS og arbeidsmiljøet, seier Beyer.

Nordfjord Kjøtt skriv i ei tekstmelding til NRK at arbeidsmiljøet ved Nordfjord Kjøtt er bra og at dei ikkje har noko å skjule.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote