Hopp til innhold

Nordfjord går glipp av 734 000 kr.

Nordfjord psykiatrisenter går etter alt å døme glipp av 734 000 kroner til interkommunalt psykiatriarbeid.

Ensomhet (Illustrasjonsfoto)

Illustrasjon

Foto: colourbox.no

Det vart klart tysdag etter at rådmennene i Nordfjord avviste å gå med på Helse Førde sin søknadstekst.

- Den opprinnelege søknaden som er signert rådmannen, er den som tener saka best frå vår side. Det er slik vi ynskjer prosjektet gjennomført og organisert. Det går på at søknaden er ein Nordfjordsøknad, medan Bolstad sin søknad er ein søknad frå Sogn og Fjordane, seier rådmann i Eid, Ivar Viddal.

- Ivaretek interesser

Den siste veka har det storma kring direktøren i Helse Førde, Jon Bolstad, etter at det vart kjent at han hadde justert og sett kopierte signaturar på ein søknad om midlar til psykiatriarbeidet i Nordfjord. Helsedirektoratet har gjeve frist til torsdag med å fremje ein ny søknad , men det blir ikkje ein søknad i fellesskap med Helse Førde.

- Helse Førde kan signere vår søknad og sende den fram. Den vil iallefall ivareta interessene til kommunane i Nordfjord, seier Viddal.

Vurderer politimelding

Søknaden Helse Førde sende inn, var justert for at prosjektet skulle få større overføringsverdi til andre kommunar. Bolstad meinte søknaden ville stå sterkare etter justeringane. Han hevdar at rådmennene ikkje gav noko svar på om dei kunne stille seg bak den justerte søknaden og måtte sende den på grunn av tidspress.

I etterkant har rådmennene sagt dei ynskjer juridisk vurdering av det Helse Førde har gjort , men Viddal seier at dei førebels ikkje har konkludert om dei vil politimelde Bolstad for dokumentfalsk .

- Ingen søknad

Adm. dir i Helse Førde, Jon Bolstad.

Adm. dir i Helse Førde, Jon Bolstad.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Søknaden gjeld 734 000 kroner til eit prosjekt for å utvikle eit sterkare samarbeid om psykiatrien mellom kommunane i Nordfjord og Nordfjord psykiatrisenter. For Bolstad, som blir skulda for dokumentfalsk , er det ikkje aktuelt å sette sitt namn på søknaden frå nordfjordrådmennene.

- Når rådmennene seier nei til å vere med på fellessøknaden om midlar, blir det ikkje sendt noko søknad, seier han. Han viser elles til måndagens møte med nordfjordrådmennene der han vonar å få grunngjeving for kvifor dei opplever søknaden frå helseføretaket som problematisk.