Hopp til innhold

Nordens sterkaste overraska alle

Tambarløftaren Tore Gjøringbø imponerte stort då han laurdag vart nordisk ungdomsmeister i finske Parkano.

Tore Gjøringbø under NM i Naustdal 2012

IMPONERTE: Løftarane frå Tambarskjelvar sikra seg edelt metall under Nordisk Meisterskap i Finland, men det var prestasjonane til Tore Gjøringbø alle snakka om.

Foto: Rune Fossum / NRK

Gjøringbø var den suverene beste løftaren av gutane, og enda til slutt med 115 kilo i rykk og 150 kilo i støyt.

Med 316,5 sinclair-poeng laurdag vart han einaste løftar over 300 poeng. Poengsumen er basert på totalvekta i høve til kroppsvekta.

– Det gjekk vel over forventing og vel så det. Eg hadde eigentleg satsa på 115 kilo i rykk og 145 kilo i støyt, fortel han.

– Alt klaffa

Gjøringbø var over 20 poeng framfor neste løftar i klassa 85 kilo. Stemnet er det beste han nokosinne har levert.

I rykk persa han seg med tre kilo, medan det i støyt vart personleg rekord med åtte kilo.

– Eg har ligge litt etter i støyt og har ikkje vore heilt på maks. No kom alt på eit stemne. Teknikken og alt klaffa, seier han godt nøgd på telefon på veg mot flyplassen.

Siktar mot EM

No kryssar Gjøringbø fingrane for at han under lag-NM på heimebane kan kvalifisere seg til junior-EM i desember.

– Då skal eg vere ganske heldig. I helga løfta eg 316 poeng, og må klare 320 poeng i lag-NM i november. Om eg får sjansen til å kvalifisere meg, så er det då eg må gjere det, seier han.

Dobbelt EM-meister

Jantsen Øverås

VANN IGJEN: Jantsen Øverås.

Foto: Larisa Izumrudova

Løftarane frå Tambarskjelvar leverte solid. Jantsen Øverås henta heim sin andre nordiske tittel på under ein månad då han vann klassa 62 kilo etter 98 kilo i rykk og 120 i støyt. I september vann henta han heim seniortittelen.

Sindre Rørstadbotnen sikra seg nordisk sølv i klassa 94 kilo. Begge konkurrerer i juniorklassa.

– Målet var medalje, og det klarte eg. Løftinga er eg derimot ikkje nøgd med, 125 kilo i rykk og 160 kilo i støyt. Eg har mykje meir inne der, seier løftaren som er god nok for 130 kilo i rykk og 168 kilo i støyt.

Går for norsk rekord

Sindre Rørstadbotnen

REKORD: Sindre Rørstadbotnen vil setje ny norsk rekord under junior-EM i desember.

Foto: Larisa Izumrudova

Vinnaren var det ingenting å gjere med. Sjølv ikkje om Rørstadbotnen hadde løfta tangert sine personlege rekordar.

– Han hadde framleis ligge framfor meg. Det var ikkje noko å gjere med han, konstaterer naustedølen.

Etter ein periode med lite utvikling, startar Rørstadbotnen oppkøyringa framfor lag-NM og EM i desember.

Då går han også for å setje ny norsk rekord i støyt. Rekorden er i dag på 173 kilo, og krev ei forbetring på fem kilo.

– Det er eit tøft mål, men eg er beinhard og vil ta den, seier han.

Marit Årdalsbakke tok sølv med 65 i rykk og 75 i støt. Ho deltok i 63-kilosklassen.