Grunneigarane i Bøyadalen og på Skeide i Fjærland fatta i sommar mistanke om at NorCopter tok seg vel mykje til rette i dalen. Dei begynte difor å telle alle flygingane til Rogalands-selskapet og fann ut at dei på det meste flaug 15 turar på ein dag, medan det som er tillete utan å måtte søkje om konsesjon er fem turar i veka. Eit klart brot på luftfartslova, seier Øyvind Ek, underdirektør i Luftfartstilsynet.
Ankar saka
NorCopter avviser på det sterkaste at dei har brote lova, og flygesjef Øystein Nymann seier dei kjem til å anke saka. Det er svært negativt for eit flygeselskap å få ein slik dom over seg og difor vil NorCopter klage saka inn for Samferdsledepartementet, i følgje Nymann.