NRK Meny
Normal

Norah (6) vil lære å surfe

STAD (NRK): Seks år gamle Norah Vårdal bur like ved Stad. Ho elskar å sjå på dei som surfar, og no er ho endeleg stor nok til å prøve sjølv.

Norah Vårdal

VIL SURFE: Norah Vårdal ser ofte på dei som surfar på dei store bølgjene. Ho har også lyst til å lære seg å surfe, men tykkjer det ser vanskeleg ut.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Men vatnet er kaldt, og det er mykje vanskelegare å halde balansen i bølgjene enn ho hadde trudd. Vil ho klare å nå målet sitt om å stå på surfebrettet?

– Det får du svaret på om du ser på i kveld, seier Stine Kyrkjebø Johansen, som har laga dei fleste av årets episodar av «Klart eg kan».

Norah er ei av ni tøffe born frå Sogn og Fjordane som i haust skal vise heile Norge kva dei klarar i den sjuande sesongen av serien.

Første episode blir sendt på NRK Super tysdag 3. oktober kl. 18:20.

Klart eg kan
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Barn kan klare mykje

«Klart eg kan» er ein av dokumentarseriane som har levd lengst i NRK Super. Serien har som mål å få born til å tru på seg sjølv og at dei kan klare mykje. Men «Klart eg kan» viser også at meistring kan vere meir enn å få ein draum til å gå i oppfylling. Meistring er også å klare det ein må, men som ein helst vil sleppe.

–Episodane i åre er svært varierte. Det er alt frå dei actionfylte med surfing og stisykling, og vi har ein med dinosaurutstilling for å nemne noko, seier Kyrkjebø Johansen.

Men «Klart eg kan» viser også at meistring kan vere meir enn å få ein draum til å gå i oppfylling. Meistring er også å klare det ein må, men som ein helst vil sleppe.

Slik som Thea Skudal Sunde frå Førde, ho må operere vekk mandlane. Thea kvir seg til operasjonen, men veit ho må.

– Eg var ganske spent, og lurte heile tida på når det skulle skje, seier Thea.

– Var du redd for at det skulle gjere vondt?

– Ja, i alle fall når dei skulle ta den nåla, då var eg veldig redd fortel Thea.

Men variasjonen i årets sesong er stor. Henning Optun Skagen frå Urnes ynskjer seg trommer, men må spare pengar sjølv. Og det er slett ikkje så lett. Medan Magnus Aardal Yri frå Stårheim vil klare å gå til topps på Norges høgaste fjell.

Tobias Østerbø frå Førde får lov å vere med pappa på hjortejakt og sjå når ein hjort vert skoten.

– Det var kjekt å vere med på jakt, men det var mykje venting, Tobias.

Over 80 ungar frå Vestlandet har dei siste åra vist kva dei meistrar, og inspirert andre born i heile landet gjennom å fortelje sine kvardagshistorier.

Klart eg kan sesong 7

NYE EPISODAR: I sesong sju får du møte ni born som viser korleis dei meistrar store og små utfordringar i livet.

Foto: NRK

Ynskjer fleire modige born

Klart eg kan er ei svært viktig merkevare for NRK Super, og serien har gode sjåartal. Serien vert laga av NRK Sogn og Fjordane.

Episodane vert sendt på NRK Super kvar tysdag om lag kl. 18:20 frå 3. oktober til 28. november. Same dag vil episodane bli publisert på nrksuper.no og på NRK Super sin app.

Mange av historiene vert til fordi folk tipsar om born som skal til med noko dei gler eller gruar seg litt ekstra til. NRK Sogn og Fjordane håpar foreldre og andre vil dele dei gode ideane med oss i år også. For «Klart eg kan» vil gjerne vise fram fleire modige kvardagsheltar neste år. Send oss gjerne ein e-post til sf@nrk.no. Merk eposten «Klart eg kan».

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.