Hopp til innhold

Vaskeri-streik får konsekvensar for Nor Tekstil

Streiken i vaskeria får konsekvensar for Nor Tekstil som har hovudkontor i Florø.

Streik ved NorTekstil

STREIKAR: I dag tener dei tilsette i vaskeri- og reinseribedriftene, hovudsakleg kvinner, 86 prosent av gjennomsnittleg industriløn. Her er streikande arbeidarar utanfor vaskeriet til Nor Tekstil i Stavanger.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Etter å ha mekla fleire timar på overtid, blei det brot mellom LO-forbundet Norsk Industri og arbeidsgjevarsida fredag morgon. Dermed gjekk 190 vaskeritilsette ut i streik i dag tidleg.

Ingen arbeidarar her i fylket er tekne ut i streik, men nær 100 tilsette i verksemda Nor Tekstil sine avdelingar i landet elles er tekne ut. Nor Tekstil er ein av landets største vaskeriverksemder, og leverer tenester til helseinstitusjonar, oljenæringa og andre.

Må gjere prioriteringar

HR-sjef, Ingrid Stavang, seier det er utfordrande å halde opp produksjonen.

Det blir vanskeleg å halde oppe varig produksjon. Streiken vil få konsekvensar for kundane, det jobbar vi med no. Det er teke ut produksjonseiningar som ikkje har så mykje levering til helsestellet, men vi har jo nokre som blir ramma Vi må vi gjere ei prioritering av kundane på kva vi klarer å levere, seier ho.

Klarer halde drift ei stund

Årsaka til brotet i meklinga var at arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri ikkje ville imøtekomma kravet om eit varig lønsløft for tilsette ved landets vaskeri- og reinseribedrifter, opplyser Industri Energi. Det er førebels ikkje avtala nye møte mellom partane.

Stavang seier dei vil halde oppe drift ved alle anlegg ei stund og at dei har ein del personell som ikkje er organisert.

– Men frå neste veke vil kunne få problem med enkeltleveransar, seier ho.