Hopp til innhold

Redda 18-åring frå å drukne - no er livreddarane nominerte til heltepris

Seks personar er nominerte til Carnegie Heltefond for å ha redda livet til 18-åringen Janne Holen. Bilen ho sat i køyrde utfor ei ferjekai, og ho vart sittande fast i bilen.

Heltane som berga Janne

NOMINERER REDNINGSMENN TIL HELTEPRIS: Familien til 18 år gamle Janne Holen ønskjer å heidre dei som redda livet til dottera. Dei seks redningsmennene er nominerte til Carnegie Heltefond for innsatsen. Til venstre Gaute Stadheim og Bjarte Breilid.

Foto: FOTOMONTASJE: Noralv Pedersen, NRK/Privat

Familien til Janne Holen ønskjer å heidre dei som redda livet til den 18-år gamle dottera deira. Rune Målsnes er talsmann for familien, han meiner redningsmennene er godt kvalifiserte for ein heiderspris.

– Eg kan ikkje sjå noko som kan gjere ei bragd større enn å bringe eit livlaust menneske tilbake til livet. Dei hoppa uti og utførte livredning, så viss ikkje dei får ei utmerking, så er kriteria strenge, seier Målsnes.

Gaute Stadheim

EIN AV DEI NOMINERTE: Gaute Stadheim er ein av dei seks som er nominerte til Carnegie Heltefond for å ha redda livet til Janna Holen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Familien ønskjer å nominere Gaute Stadheim, Isak Søraa, Geir Offerdal, Bjarte Breilid, Jarle Hopperstad og Bjørge Berglund. Alle var delaktige i bergingsaksjonen.

Carnegie Heltefond er ei utmerking til personar som viser heltemot der ein med fare for eige liv reddar andre.

Køyrde på sjøen

Fredag for ei veke sidan var Holen på veg heim i bil med to kompisar. På ferjekaia på Hella i Leikanger køyrde bilen utfor og hamna i sjøen. To gutar kom seg ut av bilen og opp på land. Igjen i sjøen var Janne Holen.

To unge menn i ein annan bil kom til og fekk kasta livbøyer og redningsbøyer i vatnet til dei to ungdommane som hadde komme seg ut av bilen. Men Holen var framleis fanga i bilen. Gutane senka ned ein stige og fekk auge på kvinna. Men det verka som ho sat fast.

Ein av mennene fekk kasta seg i sjøen og fekk Holen på land. Der starta livredning, og saman med ferjemannskapet bytte dei to på å drive livredning fram til naudetatane var på plass.

Aktuelt med fleire nominasjonar

Familien ser ikkje bort frå at dei seks kan bli nominerte til fleire utmerkingar for innsatsen dei gjorde for å berge Janne Holen.

– Vi har vore i kontakt med Norges Livredningsselskap, og vil halde dialogen med dei vidare. Dei har allereie sagt at dei ønskjer å gje dei ei utmerking før sommaren, seier Målsnes.