Hopp til innhold

Nominert til pris

Hellenes AS i Førde er nominert til Sivaprisen for 2016. Verksemda har slått seg opp som leverandørbedrift til oljenæringa. No satsar dei også på å samle kompetanse frå næringsliv, utdanning og forsking på ein stad og byggjer ein prototypeverkstad. Siva er ein organisasjon som skal legge rette for nyskaping og innovasjon. Førdebedrifta er ei av fem nominerte frå heile landet og prisen er på 300.000 kroner.

Agnar Hellenes
Foto: Oddleif Løset / NRK