NRK Meny
Normal

Nominert til prestisjetung barne-tv-pris

Serien om Marit og dyra hennar på Hakallegarden er nominert i kategorien «Kids in Charge!» på den store festivalen Nordic Kids Media Festival.

Marit og dyra

GARDSLIVET: Serien som følgjer Marit Krakset sit liv med dyra på Hakallegarden skal vise gardslivet for ungar i heile landet, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik.

Foto: Arne Stubhaug

– Det er veldig stas å vere nominert. Det er veldig kjekt at dokumentar, som er ein liten sjanger i barnefjernsyn, når opp i konkurransar, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik.

Serien er i åtte delar og handlar om seks år gamle Marit Krakset på Hakallegarden i Vanylven, ein opplevingsgard med rikt utval av dyr og fuglar.

Vil vise kvardagen på ein gard

Serien viser ungar over heile landet samanhengen mellom livet på ein gard og maten i kjøleskapet, seier Lavik.

– Marit lever på ein gard med liv og død blant dyra. Nokre dyr dør naturleg, andre blir slakta for mat. Det er livet på ein gard. I tillegg er det mykje glede, kos, leik og samspel mellom barn og dyr, seier prosjektleiaren.

Det er programskapar Eva Westvik som står bak serien Marit og dyra.

– Kvardagen til Marit avgjer resultatet. Vi filmar det ho gjer, og følgjer henne på veg mot måla ho set seg, seier prosjektleiar Lavik.

Marit og dyra

LIV OG DØD: Serien skal gje eit bilete av livet på ein gard, med band mellom menneske og dyr.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Sterkt kvalitetsstempel

Ein annan serie frå NRK Sogn og Fjordane, «Klart eg kan», har tidlegare vore nominert til prisar i Danmark og Taiwan. Redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske, er stolt over nok ein nominasjon.

– Det er utruleg kjekt at endå ein barne-tv-produksjon frå NRK Sogn og Fjordane vert lagt merke til også utanfor landets grenser. Berre å verte nominert til ein festival som dette er eit sterkt kvalitetsstempel i seg sjølv, seier han.

Marit og dyra er nominert saman med eit anna program frå NRK Super, MK-X, i tillegg til eit dansk og to svenske program. Vinnarane blir presentert på ein stor seremoni i Malmø 10. september.

– Vi er spente på korleis det går, men det er uansett kjekt å vere nominert, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.