NRK Meny
Normal

Nominert til barnebokpris

Hans Sande frå Førde er nominert til kultur og kyrkjedepartementet sin barnebokpris for 2007.

Sande er nominert i klassen beste bildebok saman med illustratør Gry Moursund for boka "Slangen i graset".

Sande har skrive kring 40 bøker og vunne ei rekke prisar, mellom anna bildebokprisen i 2000, og Nynorsk barnelitteraturpris saman med Moursund i 2003.

Årets barnebokprisar blir utdelt 11. april.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå