Hopp til innhold

Nominert til årets kokebok

Ole Jonny Eikefjords kokebok, Gourmet for folket, er nominert til Beste norske kokebok 2008.

Ole Jonny Eikefjord

Ole Jonny Eikefjord si debutbok er nominert til Beste norske kokebok 2008.

Foto: Knut Falch / Scanpix

Det er Apéritif og Norli som står bak kåringa. Av 31 påmelde kokebøker i konkurransen, plukka juryen ut fem finalistar. Mellom desse boka til sunnfjordingen, "Gourmet for folket" .

- Det er sjølvsagt veldig hyggeleg, men det er mange sterke konkurrentar. Eg trur det blir vanskeleg å nå heilt opp, seier Eikefjord.

Trur på Stiansen

Sjølv meiner Eikefjord at Bent Stiansen er ein sterk kandidat til å stikke av med prisen når den blir delt ut 14. november. Stiansen var den første skandinav til å vinne gull i det prestisjefylte Bocuse D'or. Meisterkokken har gjeve ut fleire bøker. Han er nominert for boka "Stiansen inviterer til fest".

- Fleire av finalistane er meir etablert på bokfronten enn meg. Boka til Stiansen er kanskje litt meir tradisjonell enn mi. I alle fall utsjånadmessig, seier Eikefjord.

Fekk pris i fjor

Debutboka til Eikefjord kom ut i 7.000 eksemplar og er snart utseld. Om det kjem fleire bokprosjekt frå sunnfjordingen, er uvisst.

- No skal ein aldri seie aldri, men det blir i alle høve ikkje noko ny bok neste år. Akkurat no er eg berre glad for å vere ferdig med den første, seier han. Om prisen hamnar i hendene til Eikefjord, så er det ikkje første gang det vankar pris til han. I fjor røysta publikum fram Restaurant Eik som den beste restauranten i 2006 .