Hopp til innhold

Nominert til årets bedriftsleiar i internasjonal avis

– Kjempekjekt, men uventa, smiler Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

NOMINERT: – Eg trudde ikkje at avisa såg heilt inn i Sognefjorden, men det gir motivasjon, seier Tom Dyrdal om nominasjonen i The Guardian.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Sogningen er nemleg blant dei nominerte når den britiske storavisa The Guardian kårar Årets leiar 2016.

Det er avisa som sjølv har plukka ut kandidatane på bakgrunn av innspel frå lesarane.

– Eg har sett gjennom lista, og har ikkje dei store forventingane om å vinne. Men det er ikkje så viktig. Det er uansett kjekt å bli nominert, så får vi sjå kor langt det held, seier Tom Dyrdal.

Nær halvert sjukefråvær

Dyrdal starta sjølv på golvet i verksemda der han i dag er dagleg leiar. The Guardian framhevar at han som leiar har gjort ein jobb for å integrere både flyktningar og funksjonshemma i verksemda.

Under hans leiing har også sjukefråværet gått frå ni prosent, til 5,85 prosent.

– Det er ikkje den beste bedrifta i verda dei kårar, men dei går på prosjekt. Eg har inntrykk av at dei vart trigga av at vi har redusert sjukefråværet, samstundes som vi er i vekst og gir ein sjanse til nokre av dei som av og til fell utanfor jobbmarknaden, seier han.

– Feil nominasjon

– Eg er veldig glad for nominasjonen, men samstundes tykkjer eg at det er feil. Det er ikkje eg som gjer jobben. Det er det dei tilsette som har gjort, seier han.

Avery Dennison NTP driv med merking og trykk av mellom anna sports- og arbeidsklede. På kundelista finn ein alle klubbane i norsk eliteserie, 1. divisjon og storklubbar som Barcelona, Arsenal og Liverpool.

I fjor leverte selskapet eit overskot på 17,7 millionar kroner før skatt. Det er ei dobling frå 2014 og fem gonger betre enn i 2013.

Omfamnar ulikskapar

Det er publikum som skal røyste fram den dei meiner er den mest berekraftige bedriftsleiaren.

– Men eg har ikkje hatt tid til å noko kampanje. Det har vore for hektisk, humrar Dyrdal som står opp mot fire konkurrentar i kåringa.

Mellom desse Richard Clothier, direktør for Wyke farms. Selskapet er sjølvforsynte med grøn energi. Ellen MacArthur og Cyndi Rhoades har utmerka seg innan resirkulering.

– Vi prøver å ha ein grøn profil, og ein arbeidsstokk med lik kjønnsfordeling, mange nasjonalitetar og stort aldersspenn for å få den ultimate samansetnaden i ein organisasjon. Vi omfamnar ulikskapar, seier Dyrdal.