Hopp til innhold

Nominasjonsnemnda går for Kjelsnes

På plassane bak følgjer Nils P. Støyva og Harry Mowatt.

Leder for nasjonal rassikring, Åshild Kjelsnes

Åshild Kjelsnes

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Den som var sett opp på 4.plass måtte trekkja seg, og der er det no ei delt innstilling mellom Karianne Torvanger og Eva Hage Solstad, fortel Jan Helge Dale, leiar i nominasjonsnemda.

- Ikkje så traust

Nemda går altså for Åshild Kjelsnes øvst på vallista til fylkestinget, og topp 3 er såleis uendra. 24-åringen Anette Stegegjerdet frå Luster på 4.plass trakk seg, og på 5.plass har årdølen Hilmar Høl kome inn i staden for sambygdingen Arne Hovland.

Les også: Lokallaga vil ha Kjelsnes på topp

Les også: Trekte seg i mai - på topp i dag

Dale vil ikkje vera med på at lista vart meir traust etter at Stegegjerdet trakk seg.

- No er det ein ungdom på 10.plass - Torbjørn Vereide, fødd i 1989. Karianne Torvanger er også ei ung dame - ho var ungdomskandidat framfor førre periode, og er no på 4.plass, så det er ikkje så traust. Dessutan har Hilmar Høl teke over plassen til Arne Hovland, og Høl er langt yngre. Så me har vel ikkje auka gjennomsnittsalderen med dette.

Innstillinga frå nemnda:

1. Åshild Kjelsnes, Flora
2. Nils P. Støyva, Stryn
3. Harry Mowatt, Hyllestad
4. Karianne Torvanger, Flora – 4 stemmer
Eva Hage Solstad, Lærdal – 4 stemmer
5. Hilmar Høl , Årdal
6. Jorunn Eide Kirketeig, Førde
7. Clara Øberg, Sogndal
8. Henrik Oppen, Høyanger
9. Helen Hjertaas, Vågsøy
10. Torbjørn Vereide, Gloppen/AUF
11. Arve Helle, Fjaler
12. Karianne Torvanger, Flora – 4 stemmer
Eva Hage Solstad, Lærdal – 4 stemmer
13. Atle Reidar Sandnes, Jølster
14. Olaug Solheim Rotihaug, Eid
15. Bjørnar Førde, Bremanger
16. Solveig Løvik Norevik, Høyanger
17. Håkon Myrvang, Naustdal
18. Marta Finden Halset, Vik
19. Harald Offerdal, Balestrand
20. Laila Rinde, Vik
21. Olav Lunden, Leikanger
22. Trude Meek, Naustdal
23. Rita Ørnehaug, Hyllestad
24. Kjetil Bergheim, Flora/AUF
25. Sriloganrajah Pasupathi, Eid
26. Marie Helene Hollevik Brandsdal, Årdal
27. Harald Bjarte Reite, Førde
28. Odd Atle Stegegjerdet, Luster
29. Elisabeth Dalen, Jølster
30. Arvid Stenehjem, Sogndal
31. Monica Midland Feidje, Vik
32. Are Fagerli, Eid
33. Ingvill Eldegard, Årdal
34. Vegard Solheim, Naustdal
35. Anne Fåberg, Jølster
36. Jan Inge Buene, Årdal
37. Margunn Masdal, Førde
38. Oscar Bergheim, Flora
39. Anne Marit Oppedal, Gulen
40. Anita Eide Kvamme, Gaular
41. Stig Tveit, Jølster
42. Nina Yndestad, Fjaler
43. Odd Harald Eide, Gulen