NRK Meny
Normal

Noko heilt unikt i festivalvrimmelen

I Skjerjehamn manglar alt; gjerde, sperreband, logistikk, fasilitetar, vatn, mobildekning, butikkar. Det gjer Utkantfestivalen til noko heilt unikt i festivalvrimmelen.

Publikum på Utkant 2015

EIN UTKANT: Det at ein manglar alt i Skjerjehamn er nettopp det som gjer Utkantfestivalen til det den er.

Foto: Gøril Sætre

Eg lurer på kva måkene tenkjer, der dei forvirra flyg rundt og registrerer alle godbitane som brått flyt rundt på den elles stille vesle holmen. Men samstundes aular det av menneske i alle viker og på alle knausar. Måkeskrika druknar i andre tungemål og tung bass. Det er ikkje råd å føre ein normal måke-til-måke-samtale desse fire dagane i Skjerjehamn.

Men kong Olav V står som einkvan annan diktator og vinkar upåverka på sokkelen sin, anten det er jentene i Razika eller gutane i DumDum Boys som ropar ut bodskapen sin mot han.

Mellom bakkar og berg utmed havet skapte Braanaasen sin festival. Til den leikande hop nedi kavet, vinkar kongen, så monumental.

Alt byrja med statuen av kong Olav, som ingen ville ha. Skulptøren Knut Steen ynskja at Kongen skulle stå ein stad der noko skjedde, at statuen kunne vere med på å skape noko nytt. Laksekongen Ola Braanaas tok både utfordringa og kongestatuen, og sette den opp i Skjerjehamn i 2007.

Utkant 2015

4 000 MENNESKE: Om lag 4000 publikummarar var innom festivalen kvar dag.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Det er langt til Skjerjehamn, iallfall om du ikkje har båt. Har ein først kome fram, kjem ein seg ikkje derifrå. Båtfolket kom allereie dagevis i førevegen for å sikre seg orkesterplass rett ved Pakkhuset, der restauranten og den eine musikkscena ligg. 350 båtar skvulpa nøgde fordelt på to hamnar, og enda måtte 100 båtar forlate Skjerjehamn laurdag – det var rett og slett ikkje plass til dei. Festivalen kan ikkje bli stort større no, og då vert den jo enda meir eksklusiv.

I år kom det i snitt fire tusen menneskje kvar av dei fire dagane. Kafébord på bryggekanten. Høgt alkoholinntak. Det er eit under at det går så bra, kvar gong. Men staben er stor, dei friviljuge mange og trivselsvaktene gjer jobben sin.

– Eit behageleg program, seier ei ung jente. Og eit imponerande program. Det var eit smart trekk å starte Utkantfestivalen med Bob Geldof onsdag. Han heldt det gåande i to timar og imponerte både gamle fans og ungdomar som knapt visste kven han var.

Bob Geldof på Utkant 2015

UKJENT FOR NOKRE: Sjølv om ikkje alle visste kven Bob Geldof var vart det han som fekk sparke i gong festivalen.

Foto: Gøril Sætre

Frøder frå Bergen starta festivalkarrieren si her i 2013. Sida har ho sitte i Sveitservillaen på Skjerjehamn og skrive nye låtar, som ho framførte laurdagskvelden. Av dei mindre kjende artistane imponerte ho meg mest. Det var som å høyre ei tidleg Kate Bush som enno ikkje har teke i bruk heile potensialet sitt.

Festivalsjef Viggo Haveland Randal meiner at nettopp utkantstempelet, den utilgjengelege plasseringa, mangelen på infrastruktur og dårleg mobildekking saman vert til noko positivt. Minus og minus vert pluss.

Han og resten av staben er allereie i gang med å planlegge Utkant 2016. Dersom han kunne velje på øvste hylle, vil Neil Young stå på scena og syngje for Kong Olav neste år. Kvifor ikkje? Du får ikkje eit verre svar enn nei, Viggo. Berre pass på å gje Young ein teltplass på ein knaus, ikkje i ei dolp. Det kan regne i Skjerjehamn.

Campen Utkant 2015

– GJE HAN EIN KNAUS: Om Neil Young kjem til Utkant bør han få sove på ein knaus og ikkje i ei dolp.

Foto: Marit Bendz / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå