Hopp til innhold

Slik sikrar du deg mot nettsvindel

Laurdag vart ein e-post send ut frå det som ser ut til å vere Eivind Skjerven sin konto. Der spør han etter 1600 pund, rundt 16.000 norske kroner. Det er eit svindelforsøk.

Eivind Skjerven

IKKJE LA DEG LURE: Leiar i Eldrerådet, Eivind Skjerven, fortvilar over at svindlarar tok kontroll over e-posten hans og spurde kontaktane om pengar.

Foto: Privat

– Det er ei plage. Eg følte meg avkledd, naken og hjelpelaus, seier Eivind Skjerven, leiar i Eldrerådet i Sogn og Fjordan.

Han har vorte ringt av rundt 30 av fleire hundre personar som har fekk e-posten med svindelforsøket. Nokre ringde før han hadde vore inne på e-posten. Difor tok han datamaskina med til eit IT-selskap, men dei greidde ikkje berga e-post kontoen.

Svindlarane hadde bytta passord og teke kontroll over e-post kontoen til Skjerven.

Beklager for ulemper, jeg er i Leeds, United Kingdom. Jeg er her i en uke og jeg hadde bare vesken min stjålet på buss-stasjonen. Den inneholder alle mine vitale elementer, telefon, penger og pass. Jeg har vært prøver å sortere ut ting, jeg trenger litt hjelp fra deg. å låne meg 1,600 pounds å sortere meg ut av denne knipen, og summen vil være betales tilbake så snart jeg kommer tilbake fra Storbritannia.

Svindeforsøket

Mista dokument til Eldrerådet

Skjerven seier han ikkje veit om nokon som har late seg lure av svindelen.

– Dei aller fleste vil nok aldri la seg lure av noko slikt, men ein veit jo aldri. Eg har høyrt om eit tilfelle i Florø der ei eldre dame faktisk sende pengar, mange tusen kroner.

I e-posten står det mellom anna at Skjerven er i byen Leeds i England, og at «veska» hans vart stolen på buss-stasjonen. Skjerven er slett ikkje i England. Han var faktisk midt i førebuingane til eit møte i eldrerådet neste veke.

– Eg har mista sakspapira. Det førte til at eg måtte skrive til alle i eldrerådet på nytt. Dette fører til svært mykje ekstraarbeid. Det er frustrerande, seier Skjerven.

Har meld til politiet

I tillegg har mykje verdifull informasjon gått tapt.

– Eg mista rundt 500 adresser og kontaktar. Eg mista også ein god del dokument, seier Skjerven.

Men han har sikra seg, og lagra ein del dokument på ein minnepenn. Han har meld saka, og håpar det vert teke alvorleg. Han har bede politiet prioritere saka. Den beskjeden har politiet også fått tidlegare.

Nesten identisk svindelforsøk i februar

NRK omtalte i februar fotballprofilen Bjørn Totland, som vart forsøkt svindla då nokon tok kontroll over e-post kontoen hans. Totland fekk mange viktige

Teksten er nesten identisk i dei to svindelforsøka.

Totland melde saka til Eid lensmannskontor. Samstundes som han var inne på e-post kontoen var også svindlaren inne. Svindlaren vart lokalisert med ei IP-adresse i Nigeria.

Framgangsmåten er kjend for politiet. Like kjent er det at slike saker er svært krevjande å etterforske. Likevel meinte lensmann Webjørn Moa den gongen at det var rett å kome til politiet med saka

– Det er i heilt umogleg for Eid lensmannskontor å nøste opp i dette, men vi går til dei som driv med datakriminalitet hos Kripos med saka, seier sa Moa til NRK i februar.

– Forsøket er spora til ei IP-adresse i Nigeria, men om det er meir å finne er noko heilt anna, la lensmannen til.

Han oppmoda alle om å halde alle passord godt beskytta og for seg sjølve.

Slik sikrar du deg

Eit google-søk på deler av teksten i svindelforsøket som råka både Totland og Skjerven, viser at den eller dei ansvarlege i Nigeria er svært aktive.

Svindlarane tek kontroll over e-posten din ved hjelp av falske nettstader som ser like ut som originalane, der du vert lurt til å skrive inn brukarnamn og passord. Dermed kan dei logge seg inn og endre passord og innstillingar, og slik ta kontroll over e-post eller andre tenester du nyttar deg av på internett.

Norsk senter for informasjonstryggleik (NorSIS) gir råd og anbefalingar om korleis du kan sikre deg mot at svindlarar tek over kontoen din.

Eit råd er å vurdere sokalla to-trinns stadfesting når du loggar deg på. Det vil seie når du skal logge deg på ein nettstad, treng du både passord og ein kode du får tilsendt på sms.

Her kan du lese korleis du opprettar 2-trinns pålogging på gmail og Facebook og mange andre nettstader.