NRK Meny
Normal

Avviser forbanning etter nok eit tap Viking-tap

Sogndal har aldri vunne mot Viking i Stavanger. I fjerde runde i NM fredag kveld vart det nok eit tap. Årets cupeventyr er ute.

Azar Karadas

SOM I FJOR: Igjen reduserte Azar Karadas borte mot Viking, men igjen måtte Sogndal reise heim med 1–4 i bagasjen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Nei, vi har ikkje ei Viking-forbanning. Det ligg kanskje nokre vikinggraver rundt her og sender ut dårlege «vibber», men eg trur ikkje det påverkar oss.

Det seier assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes. Sigeren mot Viking i heimekampen i serien i august i fjor, var den første på 19 år. Borte har dei aldri vunne.

Mangersnes har inga god forklaring på kvifor Sogndal har slite med å slå Viking.

– Av ein eller anna grunn har det ofte skjedd, spesielt her nede. Eg trur det er eit reint tilfelle. Men det er definitivt ein statistikk vi ønsker å gjere noko med!

God start på kampen

Mangersnes og trenarteamet er godt nøgde med byrjinga av kampen.

– Vi startar veldig bra. Vi har nokre store sjansar som vi ikkje tek vare på, og så scorar Viking på ein av dei første dei får.

Viking tok over initiativet etter målet, og skapte fleire gode moglegheiter til å auke.

– Slik sett er vi litt heldige at det ikkje står meir enn 1–0 til pause, seier Mangersnes.

«Reprise» på seriekampen i fjor

Etter kvilen vart kampen meir jamn att, men når Viking auka til 2–0 då timen var spelt trudde mange det var avgjort.

Men som i seriekampen våren 2013 reduserte Azar Karadas til 1–2 eit stykke ut i omgangen.

– Etter målet vårt står kampen litt og vippar. Vi får nokre nesten-sjansar, men i staden for å ta vare på moglegheitene, scorar dei etter ein dødball der vi sender opp mykje folk, seier assistenten.

Det siste målet til 4–1 for heimelaget kom heilt mot slutten av kampen. Dermed enda det med same resultat som i seriekampen våren 2013.

Får ny moglegheit i haust

Mangersnes legg ikkje skjul på at det er surt å vere ute av cupen.

– No er cupeventyret ute, og det er veldig surt. Vi har lov å vere skuffa i kveld, men vi er ikkje gode nok i eige forsvarsspel i dei avgjerande situasjonane.

Han seier dette må rettast opp før seriespelet tek til att.

– Vi har eit godt utgangspunkt før hausten med 18 poeng, men vi må halde fram den gode trenden frå i vår. Då må vi luke vekk feila.

Allereie om to veker får Sogndal ein ny moglegheit mot Viking, denne gongen på heimebane. Og sundag 17. august reiser dei igjen til Stavanger.

– Stavanger-utfordringa får vi ein ny moglegheit til å takle seinare. Vi har to moglegheiter til å slå dei, og er innstilte på å ta dei, seier Mangersnes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.