Nok eit skilt er borte

Sogn og Fjordane-skiltet ved fylkesgrensa på Maurstadeidet er nok ein gong borte, skriv Fjordenes Tidende. Det har nærast vore ei trend å stele skilt i samband med kommune- og fylkessamanslåingane som trer i kraft i januar. Også i juni stal nokon skiltet frå same stad.