Hopp til innhold

Nok eit OBS-varsel – ny storm på veg

På laurdag kan du vente deg vanskelege køyreforhold over store delar av Vestlandet.

Vanskelege køyreforhold.

NULLFØRE: Regnet vil erstatte snøen og føre til vanskelege køyreforhold på Vestlandet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I helga vil snø gå over til regn og gi oss eit klassisk nullføre på vegane. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for vanskelege køyreforhold både i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Dette vil ein merke mest oppe i høgda, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Det er ikkje berre regn du kan vente deg i helga. Den kraftige vinden mange har hatt dei siste dagane vil ikkje sleppe taket heilt enda. Spesielt i Sogn og Fjordane vil ein måtte halde hardt på hatten.

– Det er sendt ut OBS-varsel om kraftig vind i Sogn og Fjordane på laurdag. Der vil dei få opp i sørleg full storm på kysten og i fjellet, seier Skjerdal.

Vinden vil vere ganske kortvarig.

– Det vil blåse opp på laurdag føremiddag, før det minker på ettermiddagen. Vi får ein sørleg vind som vil følge kysten, og det ser ikkje ut til at det vil bli så veldig gale, seier ho.

Laster Twitter-innhold

Dårleg sikt over fjellet

Det blir ein ruskete inngang til helga på fjellet, melder Vegtrafikksentralen.

– Det er kolonnekøyring på fv. 50 Hol–Aurland, men eg trur at den vegen vert stengt allereie fredag kveld. På Hemsedalsfjellet er det redusert sikt, så der kan det bli kolonnekøyring. Det er også meldt mykje vind på Strynefjellet, seier Ketil Molvær, som er vegoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Vegoperatøren veit kva slags veg han ville vald om han skulle reist mellom aust og vest denne helga.

– På Filefjell er meldingane mykje betre, så du gjer lurt i å velje den vegen, seier Molvær.

Ketil Molvær

GLATT OG DÅRLEG SIKT: Nullføre og dårleg sikt er ein dårleg kombinasjon på fjellovergangane, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær.

Foto: Jan Christian Jerving