Hopp til innhold

Nok ein trøblete kveld langs vegane

Heile veka har vêret sett sitt preg på vegane. Torsdag kveld er ikkje noko unntak. Fleire vegar er stengde grunna ras, rasfare og uvêr, og endå fleire kan det bli.

Bilberging på Hemsedalsfjellet

BILBERGING: Like etter klokka 19 torsdag kveld vart vegen over Hemsedalsfjellet stengd i eitt felt grunna bilberging.

Foto: Anders Frydenlund

Utover ettermiddagen og kvelden har lista over stengde vegar i Sogn og Fjordane blitt lengre og lengre. Like over klokka 19 tel lista over vegstengingar åtte strekningar, og Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen kan ikkje utelukke at det blir fleire.

– Det er meldt ein del nedbør utover kvelden og natta, og det blir varmare. Dermed er det overhengande fare for at fleire vegar kan bli stengde, seier Nedberge Hille til NRK.no klokka 19.15.

Han har kontinuerleg kontakt med dei lokale entrepnørarne. Dei kjenner sine vegstrekningar godt, og veit kva faresignal dei må sjå etter når vêret er slik det er no. Mykje nedbør har ført til auka rasfare, og NVE sendte tidlegare denne veka også ut flaumvarslen for dagen i går og i dag.

Kan bli kolonnekøyring

På fjellovergangane var det ved 19-tida berre riksveg 15 Strynefjellet og E16 over Filefjell som verka problemfrie. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet melder Vegvesenet at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

– Det har begynt å snø ganske så kraftig på fjellet no, seier Nedberge Hille.

Då NRK snakka med han klokka 19.15 hadde vegen over fjellet var eitt felt stengd ved Breistølen Fjellstue på grunn av bilberging. Minst eitt vogntog hadde køyrd seg fast i oppstiginga frå Borlaug og måtte ha hjelp av bilbergar.

Først to timar seinare var vegen opna for fri ferdsle.

(Artikkelen held fram under biletet)

E16 over Filefjell

VINTER: Slik såg det ut over E16 Filefjell om ettermiddagen torsdag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Slik var stoda på vegane klokka 19.15:

  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna ras og fare for ras. Blir ikkje opna torsdag
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd grunna uvêr og oppryddingsarbeid – blir ikkje opna att torsdag
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att torsdag
  • Fylkesveg 182 – Feios-Fresvik – stengd grunna fare for ras i tidsrommet frå klokka 22–06.
  • Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrond – Stengd grunna ras og rasfare. Blir ikkje opna att torsdag
  • Fylkesveg 664 Fossebakken – Navelsaker – stengd grunna ras og rasfare. Blir ikkje opna att torsdag
  • Fylkesveg 722 Storesunde – Flo – stengd grunna fare for ras i tidsrommet 19–09
  • Fylkesveg 723 Bødal-Loen stengd grunna fare for ras i tidsrommet 20–09

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER