Hopp til innhold

Nok ein sumar med traktorulukker: – Dei aller fleste kunne vore ungått

I sumar har det vore fleire traktorveltar i Sogn og Fjordane. Alle kom frå det med livet i behald, men primærnæringane toppar statistikkane over dødsfall etter arbeidsskade. År etter år.

Velta traktor

VELTA: Nok ein sumar med traktorveltar i Sogn og Fjordane, her ein som velta for eit par veker sidan.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dei aller fleste ulukker kunne vore unngått. Då er det veldig trist å sjå den negative trenden som har vore på statistikken dei siste åra, seier Marita Scott i Arbeidstilsynet.

For statistikken er dyster. Ingen anna næring har like mange dødsfall per tilsett som primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske.

Unge og eldre toppar statistikken

– Vi ser jo at veldig mange dødsfall etter arbeidsskade skjer som følgje av velt. Vi har ikkje dei konkrete statistikkane akkurat for traktorvelt, men dei aller fleste dødsulukkene skjer i samband med handtering av store maskinar, seier Scott.

marita scott

ELDRE OG UNGE: Er mest utsette for ulukker, seier Marita Scott.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ho fortel at det er to grupper som er mest utsett: dei mest erfarne og dei heilt ferske.

– Eldre arbeidstakarar er ofte veldig erfarne. Det er store moglegheiter for at når ein gjer ei arbeidsoppgåve veldig mange gonger, så slappar ein meir av i forhold til risikoar, seier ho og held fram.

– Unge arbeidstakarar tek ofte litt større sjansar enn andre, fordi ein trur dette går bra og dette skal eg klare. Så har ein lyst å vise at dette fiksar eg.

– Går av og til for fort i svingane

Per Hilleren

STRESS: Bondelagsleiar Per Hilleren trur stress er ein viktig årsak til ulukkene.

Foto: Merete Støfring, Sogn og Fjordane bondelag

Sumaren 2014 har det vore minst tre traktorveltar her i fylket.

I 2012 var det fire alvorlege ulukker i løpet av to sommarmånader. Bondelagsleiar Per Hilleren trur at stress er ein viktig årsak til at ulukkene toppar seg om somrane.

– Vi tenkjer på sikkerheit. Men av og til går ting fort.

Han meiner ein pressa situasjon i finvêret er ein viktig grunn til ulukkene.

–Du har lyst å hausta mest mogleg fôr i godt vêr og skal skunda deg. Då kan det av og til gå litt for fort i svingane, seier Hilleren.